Det opplyser gode kjelder til Bergens Tidende. Situasjonen skal ha vore ubehageleg.

Bondevik skriv i boka si at amerikansk UD sat med opplysningar om kva han sjølv hadde sagt under eit møte i regjeringa sitt tryggingsutval 8. november 2004. Saka galdt norske bidrag til NATO-instruktørar til Irak.

«Dette var uhørt! Drøftingene i sikkerhetsutvalget er hemmelige. Enten var det noen som hadde lekket fra møtet, eller så hadde vi vært utsatt for avlytting, noe jeg hadde liten tro på» skriv Bondevik.

– Bondevik har gjeve ei presis og rydding framstilling. Eg har ingenting å legge til eller trekkje frå i den framstillinga han har gjeve, seier tidlegare justisminister Odd Einar Dørum (V) til Bergens Tidende. Han var fast medlem av tryggingsutvalet.

Strengt hemmeleg

Kva som blir sagt og behandla i regjeringa sitt tryggingsutval er strengt hemmeleg. Det blir teke skriftlege referat frå desse møta, og referata er nummerert og strengt klausulert.

Det var den norske Washington-ambassadøren, Knut Vollebæk, som i midten av november 2004 alarmerte statsministerens kontor. Han hadde frå amerikansk UD fått referert kva Bondevik hadde sagt.

I går fortalde Bondevik at det vart gjort undersøkingar for å klarlegge kva som kunne ha skjedd utan at det vart noko resultat.

PST sitt ansvar

– Eg kan ikkje kommentere denne saka. Men dersom det er mistanke om brot på tryggingslova, vil det vere tryggingspolitiet (PST) sitt eineansvar å etterforske ei slik sak, seier PST-sjef Jørn Holme til Bergens Tidende. Han var fram til sommaren 2004 statssekretær hjå Dørum i Justisdepartementet før han då overtok som sjef for PST.

Tryggingsutvalet til regjeringa er ordinært samansett av statsminister, utanriksminister, forsvarsminister, justisminister og finansminister. Dessutan har det i samarbeidsregjeringane vore vanleg at partileiarane som sit i regjering kan delta om dei ikkje er mellom dei før nemnde statsrådane.