VIDAR YSTAD vidar.ystad@bergens-tidendeOslo

Dette framgår av dei forklaringane dei to varetektsfengsla ungdommane har gjeve til forhøyrsretten.

Den 17-årige jenta har forklart at ho reknar den 19-årige Jo Erling Jahr som «farlig» og «som en person som var oppsatt på å drepe».

Retten legg til grunn at både den 17-årige jenta og Ole Nicolai Kvisler var klar over at Jahr, som nå er på rømmen og etter-søkt for drapet, hatt teke med seg «en stor kjøttkniv» før dei drog ut på bilturen.

Det var Kvisler som køyrde bilen, og han stansa, då dei såg to ungdommar med mørk hudfarge.

Kvisler fylgde Jahr ut av bilen, medan den 17-årige jenta skal ha blitt verande i bilen.

Retten har kome til at både Kvisler og den 17-årige jenta «måtte regne med at Jo Erling Jahr ville bruke kniven i over-fallet på ungdommene. Retten ser det slik at de måtte regne med som en overveiende sannsynlig følge av knivstikkingen at fornærmede ville dø av knivstikk.»

Retten er derimot ikkje samd med aktor i at drapet vart planlagd før dei forlet husveret.

Ifylgje eiga forklaring gjekk Kvisler tilbake til bilen då Jahr begynte å springe etter guten som han seinare stakk med kniven. Hen hevdar og at han rote til Jahre at han skulle «droppe» det. Sjølv skal han ha rygga bi-len dit knivstikkinga skjedde. Då bilen var på sida av gjerningsstaden, skal Jahr ha hoppa inn i bilen, før dei køyrde av garde.

Kvisler og Jahr delte husvere med Petter Gundersen (21) som også er sikta i saka.

Gundersen var, som den einaste av dei fem pågrepne, ikkje viljug til å forklare seg for retten.

Les også: Politiet trekker trolig kjæremål Devold: -Løslatelsen er uforståelig Politinederlag i forhøyrsretten Gjenopplevde marerittet — Lite nynazisme i BergenNynazister har trolig sprengstoff

I FENGSEL: Den drapssiktede Ole Nicolai Kvisler (21) er varetektsfengslet i fire uker med brev- og besøksforbud. (ARKIVFOTO)