Det er stort sett berre ei meining i nordhordlandskommunane om planane for å byggje ei ny gigantisk kraftline i luftspenn mellom Kollsnes og Mongstad. Og det er at prosjektet må stoppast før det er for seint.

Massiv motstand

Motstanden i dei tre kommunane som høgspentlinene skal gå over, Radøy, Austrheim og Lindås, er massiv. Kravet er krystallklart: det må bli kabel i jord og ikkje monstermaster. Denne veka er mobiliseringsviljen på topp. Det er venta stor tilstrøyming til folkemøte både i Øygarden i dag og på Radøy i morgon. Då kjem det folk frå NVE (Noregs vassdrags og energidirektorat) og BKK for å orientere om planane.

Miljø mot millionar

Det er pengar det står om. Den nye 300 kilovolt kraftleidningen skal gå i sjøkabel over fjorden mellom Øygarden og Radøy og mellom Radøy og Austrheim/Lindås, men i luftspenn over land. Prosjektet slik det no ligg føre, vil kosta omkring 670 millionar kroner. Å droppe luftlinene og leggje alt i kabel, er kostnadsrekna til 1031 millionar.

— Det dreier seg altså om 300 millionar kroner. Mykje pengar sjølvsagt, og det er ikkje tvil om at det er bruk for den nye kraftleidningen, men spørsmålet er om dette er god butikk med tanke på framtida, seier miljøvernleiar i Radøy kommune, Asbjørn Toft.

— Når mastene først står der, er det for seint å snu.

Bergens Nordmarka

— Ein må nemleg ta med i reknestykket kor store konsekvensar dette vil få for dei som bur her, for fugle- og dyreliv, og sist men ikkje minst for området sin verdi som rekreasjonsområde, meiner han.

— Nordhordland er for bergensarane det same som Nordmarka er for oslofolk. Stadig fleire får augo opp for kor unikt, rikt og variert dette kystlandskapet er og kor mykje det har på by på. Dette er eit lågt kystlandskap med si heilt særeigne eigenart. Ei høgspentline med opp til 25 meter høge master vil vere eit dominerande framandelement som kjem til å øydeleggje landskapet totalt.

Uroleg for helseskadar

Fleire stader går dessutan traseen tett opp til hus, og det er enno ikkje heilt klarlagt kor farleg dette kan vere med tanke på framtidige helseskadar. Folk er urolege, seier Toft.

Luftspennet vil også kome nær og til dels gå rett over våtmarker og vassdrag som er viktige tilhaldsstader for diverse fuglearter.

- Vi SKAL ha kabel

Ordførar Jon Askeland i Radøy er klar på at han ikkje vil gi opp kampen for kabel.

— Heile regionen står samla i denne saka. Vi er ikkje blitt høyrt, men vi gir oss ikkje. Vi skal ha kabel, seier han, og viser til at eit eventuelt luftspenn over eit så sårbart område vil få alt for store konsekvensar både for busetjing, miljø, naturkvalitetar, næring, reiseliv og friluftsinteresser.

Han meiner at slaget ikkje er tapt, og har stor tru på ein snuoperasjon.

— Dette er ei kraftline som sjølv med kabling vil vere lønnsam. Nokre hundre millionar er nærast for småpengar å rekne i denne samanhengen, seier han.

Kva meiner du om kraftlinene? Sei di mening under!