— Eg er forbanna for at han ikkje greier å opptre litt meir intelligent enn han no har vist. Sponheim oppfører seg for tida ikkje som nokon god partileiar, seier Atle Mildestveit som er gruppeleiar for Venstre i fylkestinget.

- Rett og slett fortvilande

Han er ikkje den einaste som knyter neven etter å ha lese BT-intervjuet med Lars Sponheim sundag. Sentrale partifolk her i fylket er vonbrotne og har bestemt seg for ikkje lenger å leggja band på seg.

Det er særleg vurderinga av Odd Einar Dørum og omtalen av Senterpartiet som har gått inn på dei. Mildestveit seier at «dette er rett og slett fortvilande, for det går ikkje an å oppføra seg slik mot eit parti vi stod nær i valgkampen».

— Men det er ikke første gongen han fer åt slik, seier Mildestveit.

- I kva organ er Venstre?

Gyri Skre, som er leiar i Bergen Venstre, er på si side mest provosert over at han har hjarta i KrF og hjernen i Høgre, som han sa.

— Då spør eg meg sjølv kva organ har han Venstre i? Eg trudde eigentleg at både hjarta og hjernen hans var i Venstre! Eg er elles svært rysta over nedvurderinga av Dørum. Og dersom han verkeleg meiner det han no seier om Senterpartiet, burde han ha rådd oss ifrå eit samarbeid i den lei før vi gjekk inn i valkampen, seier Gyri Skre.

Fylkestingsrepresentant Annemor Ekeland frå Kvinnherad tek endå hardare i:

— Slik han ordlegg seg, kan det vera god grunn for folk flest å oppfatta Venstre som uærleg når vi i valgkampen kjempa for sentrumsalternativet. Eg er forresten ikkje så overraska lenger når Sponheim gjev lyd frå seg. Han tek ikkje sjølvkritikk i det heile.

Vi som dreiv valkamp for Venstre for to år sidan, har ikkje gløymt den forferdelege oppleva då han etterpå klandra oss for ikkje å ha ført ein god nok valkamp. Det sit ennå i oss. Det skapar ikkje engasjement i Venstre når vi ikkje veit kven som er den neste som står for tur, seier Ekeland.

- Spissformulerer seg

Hans-Carl Tveit, nestleiar i fylkesstyret i Venstre:

— Eg skjønar godt at folk reagerer, for han kunne med fordel ha ordlagt som annleis. Men hans stil er å spissformulera seg, og å snakka svært direkte. Han kunne og ha avstått frå å kommentera personspørsmål i samband med regjeringsskipinga, meiner han.

Leiaren i Hordaland Venstre, Terje Breivik, er lei seg etter å lese intervjuet.

— Eg skulle gjerne sett at han hadde brukt mildare uttrykk om Senterpartiet, og at han hadde valt eit anna tidspunkt enn dette, seier han.

Fylkesstyret i Venstre skal ha møte i kveld for å drøfta valresultatet og valkampen. Det var tillyst lenge før utblåsinga frå Sponheim. Breivik er budd på at intervjuet vert teke opp på dette møtet.

HARME: Venstreleiarar i Hordaland er oppøste og harme på Lars Sponheim.
Foto: Vegar Valde