Dei parlamentariske leiarane var i meir eller mindre grad i harnisk over at regjeringa ikkje hadde teke seg bryet med å innkalle og orientere den utvida utanrikskomiteen om nei'et til NATO.

Det fall mange harde ord.

Sintast var Frp-formann Siv Jensen, som trampa i veg gjennom vandrehallen etter ein verbal kollisjon med utanriksminister Jonas Gahr Støre med pressa som tilhøyrarar.

Dramatiserer

Opposisjonen satsa alt på å dramatisere situasjonen: at regjeringa har sagt nei til ein førespurnad frå NATO og unnlet å orientere den utvida utanrikskomiteen før pressa vart informert. Dei hevda det var alvorleg å svare nei til ein NATO-førespurnad.

Men ingen, kanskje borsett frå Frp, var viljug til på strak arm å love at dei sjølve i regjeringsposisjon ville ha sendt fleire soldatar. Det var nok å seie at ein ville «vurdere det».

Regjeringa valde medvite den motsette lina: — Avgjerda inneber inga endring i dagens politikk og den kursen vi har fylgd. Difor er det ingen grunn til å samankalle den utvida utanrikskomiteen, argumenterte utanriksminister Jonas Gahr Støre. Komiteen vart sist orientert i førre veke.

Opposisjonen hamra laus om at avgjerda er eit knefall for SV sitt krav om at det ikkje skal sendast fleire soldatar til Afghanistan, og slettes ikkje til den sørlege delen av landet. Dei tolka dette som ei avgjerd SV måtte ha etter nederlaget i gasskraftsaka.

Både Støre og forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen, avviser dette kontant. Dei slår fast at det er ei samla regjering som står bak.

Djup splitting

Det er likevel eit faktum at regjeringspartia er djupt splitta i saka. Det viser utviklinga dei siste dagane:

SV-politikarane i regjering og på Stortinget, har dei siste dagane konsekvent nekta å uttale seg om saka.

Men Ap sin hovudtalsperson i forsvarskomiteen, Signe Øye, har hevda at Noreg må stille opp, når NATO bed om det.

Så seint som tysdag avslo SV-leiar og finansminister Kristin Halvorsen å uttale seg om saka. Ho viste til at saka var til behandling i regjeringa og at regjeringa var inne i ein prosess.

Fullt så tilbakehalden var ikkje Sp-leiar, kommunal- og regionalminister Åslaug Haga.

Ny verkebyll

I går uttala ho til Dagsavisen at «selvsagt må vi stille opp for NATO». «Vi kan ikke overlate drittjobbene til USA og Storbritannia og bare ta de snille, humanitære oppdragene selv».

Utsegnene pryda heile førstesida til Dagsavisen i går og vekte kraftige reaksjonar i regjeringspartia sine rekker.

Etter at Dagsavisen tysdag kveld hadde konfrontert SV-leiar Kristin Halvorsen med kva kollega Haga hadde sagt, freista Haga å trekke tilbake og moderere utsegnene sine.

Knapt nokon er i tvil om at denne saka vil vere ein verkebyll for ikkje å seie ei udetonert bombe når temaet på ny kjem på bordet i regjeringa.

Det er ikkje minst Kristin Halvorsen smerteleg klar over. Difor valde ho i går å ikkje innkassere avgjerda som ein siger - i motsetnad til partiungdommen i SV.