Kostnadene vert for store, i alle fall dersom Jernbaneverket må ta det meste på sitt budsjett, opplyser regiondirektør Truls Hegrenæs i Jernbaneverket, region Vest, til Bergens Tidende.

Dei såkalla Skysstasjonsplanane gjekk ut på å grava gangtunnel frå bilvegen nedanfor dei to stasjonane og under alle jernbanespora, med oppgang til venterom med billettluker og dei ulike plattformene. På Voss skulle tunnelen gje gangsamband heilt frå Evangervegen til kulturhuset Fraktgodsen, og dermed til gangvegar mot Hangursbanen, i staden for gangbrua ved Fleischer's Hotell. På Geilo viste planen heis— og trappeløysingar mot Stoheisen.

I tillegg skulle oppstillingsplassane for bussar framfor stasjonsbygningane utvidast. Det var også planlagt kiosk- og butikklokale ved tunnelane.

— Desse planane vart for omfattande, men alt tyder på at vi får pengar til ein gangtunnel på Voss i 2006, opplyser Hegrenæs.

Tunnelen vil knyta saman venterommet og ein utvida plattform ved spor 2 med trygg passering under jernbanespora på stasjonen.