— Steinsbø meiner den norske oppdrettsnæringa ikkje lenger kan slå seg til ro med at mengda miljøgifter, som pcb og dioksin, i oppdrettslaksen ligg under dei grensene styresmaktene i Noreg og EU har definert som helsefarlege.

Oppdrettsnæringa er blitt ein stor konkurrent i matvaremarknaden og difor utsett for angrep. Steinsbø vil heller vere føre var enn etter snar.

— Der grenseverdiar er sett må det vere eit mål å ligge så langt under desse verdiane at ingen finn det interessant å henge oss ut for å skade oss, sa Steinsbø då han i går innleidde på Norske Sjømatbedrifters Landsforeinings årlege laksekonferanse på Hell i Nord-Trøndelag.

Chile-problemet

Norsk og europeisk oppdrettslaks er meir ureina av pcb og dioksin enn den chilenske varianten, i fylgje ei måling utført av ein amerikansk forskargruppe (Bergens Tidende laurdag 21. januar).

Den fordelen i konkurransen bør chilenarane ikkje få meiner Steinsbø.

Den amerikanske forskargruppa konkluderer med at helsegevinsten med å ete eitt måltid norsk/europeisk oppdrettslaks i veka er 300 gongar så stor som ulempene. Eitt måltid europeisk oppdrettslaks i veka halverer faren for hjarteinfarkt takka vere omega3-feittsyrene i laksen.

Ulempa med laksen er kreftfare på grunn av pcb og dikosininnhaldet. Sjølv om faren er liten, er den størst ved å ete norsk/europeisk oppdrettslaks og mindre ved å ete chilensk oppdrettslaks.

Så lenge det er ein skilnad, har norske oppdrettarar eit marknadsføringsproblem, slik Steinsbø ser det, og det problemet vil han bli kvitt.

Gamle synder

Industriutslepp har gjort Atlanteren og Nordsjøen meir forureina enn Stillehavet.

Difor har det avleira seg meir av miljøgiftene dioksin og pcb hos fisken som er råstoff til fôr til norsk oppdrett, enn fisken som er råstoff til fôr i den chilenske oppdrettsproduksjonen.

Desse miljøgiftene hopar seg opp i fiskefeittet, slik at feit fisk som laks, makrell og sild er ekstra utsett for forureining.

Dioksininnhaldet i morsmjølk viser at nyfødde i Noreg i dag får i seg mindre av miljøgiftene enn for 20 år sidan. Det tyder på at havet gradvis vert mindre forureina, sjølv om forbrukarane og fiskerinæringa må svi for gamle synder.

Tungt å marknadsføre

Innan ein månad er det venta av Vitskapskomiteen for mattryggleik skal leggje fram ei samla tilråding om kor mykje sjømat det er fornuftig å ete.

Det arbeidet kan forsterke argumentet for å reinse laksefôret, meiner Steinsbø.

Om komiteen konkludere med at folk bør nøye seg med å ete to laksemåltid i veka på grunn av pcb og dioksininnhaldet, kan det bli tungt å marknadsføre laks, fordi det då blir hekta på eit men... til bodskapen om at laks er sunt.

Eit slikt råd om å avgrense lakseforbruket er ikkje heldig for næringa vedgår Steinsbø