BJØRNAR SØRHEIM

Førebels er han ein aktiv gut som ikkje merkar mykje til sjukdommen.

— Eg speler mykje fotball og merker ingenting, seier Gunnar.

— Me har ikkje merka nokre fysiske avgrensingar hos han, seier mora Hilde.

Må operera

Då Gunnar var to år fann legane ut at guten frå Fjærland i Sogn hadde ein såkalla aortastenose.

— Det betyr at han har ein trong hjarteklaff i den blodåra som går ut av hjarta. Dette gjer at det blir ekstra arbeid for hjarta å pumpa blodet ut, og det kan difor komma til å utvida seg. Han må mest sannsynleg opererast seinare i livet, seier overlege Asle Hirth ved Haukeland Universitetssykehus.

Resten av livet

— På dei årlege kontrollane sjekkar me kor stort hjarta hans er og sjekkar om det har vokst. I tillegg måler me kor fort blodet går ut gjennom den tronge blodåra. Til fortare det går til trongare er blodåra, fortel Hirth.

Dersom det vert veldig trongt i blodåra til Gunnar, kan det vera at han må setja inn ein ventil som regulerer blodstraumen. Då må han i så fall gå på blodfortynnande resten av livet.

— Det håper me han slepper. Men me må jo berre venta og sjå, seier mora.

Oppdaga tilfeldig

Det har blitt ein del venta-og-sjå for familien Supphellen. Heilt sidan hjartefeilen til Gunnar vart oppdaga heilt tilfeldig har dei berre teke det som det kjem.

Kvart fjerde år skal Gunnar springa på tredemølle på kontrollen.

— Her måler me oksygenopptak, blodtrykk og hjarterytme. Det er viktig med EKG (Elektrokardiogram) for å sjekka at hjartemuskelen får nok blod.

Og Gunnar er veldig sprek. Godt over gjennomsnittet, konstaterer Hirth.