— Vi veit ikkje kvifor så mange meteorittar er funne i dette området. Men det er eit svært interessant spørsmål, og vi forskar no på om det kan vere faktorar som forklarar dette, seier direktør ved naturhistorisk museum, Elen Roaldset.

Når museet no har laga vandreutstilling om meteorittar og meteorittkrater, var det heilt naturleg å legge første utstillinga til Sogn og Fjordane. Utstillinga, som opnar ved Nordfjord Folkemuseum på Sandane, tysdag kveld, er først og fremst ei plakat- og fotoutstilling. Til sommaren skal utstillinga flyttast til nasjonalparksenteret i Oppstryn.

— Vi har tidlegare hatt ei utstilling om dette. Vandreutstillinga vi no presenterer er både omarbeidd og utvida, opplyser Roaldset.

I tillegg til plakatar og foto kan dei som legg turen til opninga på Sandane tysdag kveld, også få sjå på siste meteoritten som blei funnen her i landet. Meteoritten «Svartekari» blei funnen på fjellet Svarte-Kari i Gloppen i 2001 av Jan Erik Mardal. Både denne og dei tre andre meteorittfunna frå Sogn og Fjordane (Leikanger, Viksdalen og Hyen) er ved samlingane til naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo.

«SVARTEKARI»: Denne meteoritten er den siste somer funnen i landet. For fire år sidan fann Jan ErikMardal jarnmeteoritten i 1200 meters høgde påfjellet Svarte-Kari i Gloppen.