EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.noHaugesundBergen Nordhordland Rutelag (BNR) har sagt at bil— og passasjerfergene "Jupiter" og "Bergen" i Ford Line vil bli flagga ut, fordi både Danmark, Nederland og snart også Sverige har innført null-skatt for sjøfolk. Color Line vurderer det same, fordi Stena Line og DFDS har vorte vanskelegare å konkurrere med etter skattereformane. Reiarane hadde håpa at skipsfartsminister Grete Knudsen skulle ha med godt nytt til den maritime konferansen i Haugesund, men fekk ingen lovnader.- Vi ønskjer at Fjord Line og Color Line opererer frå Noreg. Men vi må vurdere konsekvensane av ei endring i skattereglane før vi bestemmer noko, sa statsråden.Ho viste til at null skatt for sjøfolk vil føre til store tap i statens inntekter, men lova at ho vil leite etter løysingar.- I løpet av ein månads tid vil denne saka kome opp i regjeringa, sa Knudsen på gangen etter innlegget sitt. Komplisert for BNR Fjord Line-eigarane BNR har gitt Knudsen frist til 1. mars. Får dei ikkje klare signal om skatteletter innan den tid, flaggar dei ut. Men informasjonssjef Atle Kvamme oppfatta gårsdagens melding som positiv.- Vi oppfattar Knudsen slik at ho ønskjer å endre reglane, seier Kvamme, som hevdar utflagging vil bety 50 millionar kroner i innsparingar årleg.Samtidig er utflagginga inga enkel sak for Fjord Line. Norsk mannskap på danske båtar må betale skatt av nettoinntekta si til Noreg. For å utnytte skattegevinsten kan BNR difor ikkje behalde det norske mannskapet. Å seie opp 450 sjøfolk er ikkje freistande.Dersom Fjord Line skal segle under dansk eller svensk flagg, må dei også ha ein viss andel mannskap frå flaggstaten. Billeg arbeidskraft frå Filippinane eller andre fattige land kan dermed ikkje brukast, og å finne mange hundre ledige sjøfolk i nabolanda våre over natta er neppe mogleg.- Vi ønskjer i det lengste å behalde norske sjøfolk om bord, og undersøkjer moglegheitene for å finne ein flaggstat i andre delar av verda der det går an, seier Kvamme. Vil straffe tilgrising Grete Knudsen varsla at reiarane må belage seg på å betale meir for opprydding etter skipsulykker.- Er det slik at bedrifter til sjøs ikkje skal ha same økonomiske ansvar som bedrifter på land? spurde Knudsen.Etter dei mange havaria langs kysten dei siste månadane - blant anna "Green Ålesund"-forliset, der kostnadane langt oversteig den summen eigaren Nomadic Shipping i Bergen stilte med til opprydding - varslar Knudsen at heile systemet må revurderast. Same diskusjonen pågår i EU.