HILDE KRISTIN STRAND

— Det er fleire folk på sjøen enn før, og fleire som ikkje har sett seg inn i kva degt vil seia å ha båt, seier redningsleiar Tor Eivind Moss ved Hovedredningssentralen Sør-Norge. Også Redningsselskapet opplever at fleire enn før treng assistanse enn før.

Moss fortel at det er ein kraftig auke i talet på saker der fritidsbåtar treng hjelp. Han trur noko av årsaka kan vera at i tillegg til at det er fleire båtar ute, har det dei siste åra har vore auka merksemd kring at det er hjelp å få.

— Nokre av dei som ringjer etter assistanse hadde kanskje tidlegare ringt naboen, trur han. Ønskjer førarkort til sjøs

— Store båtar lagar store bølgjer. Dei må ta ansvar og visa hensyn, seier operasjonsleiar Svein Bruarøy i Hordaland Politidistrikt. Han ønskjer førarkortplikt på sjøen, og får støtte av Redningsselskapet.

— Ein treng obligatorisk opplæring av ein eller annan type. Me ser fleire og fleire store båtar ute. Me plar skilja mellom turbåtfolket og solbåtfolket. Sistnemnde vil fort ut og fort heim og er dei som kjenner minst til det me kallar båtfolkvett. Det seier Ingvar Johnsen, informasjonssjef i Redningsselskapet. Dersom Sjøfartsdirektoratet får det som dei vil, er ei sertifikatordning ikkje så langt unna. Direktoratet sitt utkast skal opp til handsaming i Sakkyndig råd i byrjinga av september. Sertifikatutkastet byggjer på teoridelen frå den no frivillege båtførarproven. I tillegg vil det koma ein praktisk del. Det fortel underdirektør i direktoratet, John Aicher.

Sjøvegsreglane kan kallast sjøens trafikkreglar. I dag er det ikkje eit krav å kunne desse. I følgje sjøvegsreglane gjeld vikeplikta frå høgre (styrbord) på sjøen òg. Dessutan har fritidsbåtar vikeplikt for nyttefartøy i et trangt farvatn, leier med mykje trafikk og i hamneområde, og motorfartøy har vikeplikt for seglbåtar som ikkje brukar motor.

— Ein ser ein del nye båtbrukarar som kjøper båt dei ikkje har kontroll på. Tidlegare lærte ein sjømannsskap, til dømes fekk ein bruka snekka til far sin. Dersom ein ikkje har naudsynt kunnskap er det farleg å ferdast på sjøen, seier John Aicher.