— Mannen var på ferie. Han var tilsett i Hærens fallskjermjegerkommando på Rena, seier pressetalsmann Dag Aamodt ved Forsvarets Overkommando.

Ifølgje førstekansellist Berit Berggrav ved den norske ambassaden i Lisboa omkom mannen under landing.

— Ein lege var med i det norske følget, men livet stod ikkje til å redde, seier Berggrav. Ulykka hende tre timars køyring nord for Lisboa.