— Første gong det var snakk om vindmøller til kraftproduksjon her ute, var eg positiv. Det var snakk om fem-seks møller, fortel Solund-ordførar Gunn Åmdal Mongstad.

No står den vesle øykommunen overfor prosjekt av heilt andre dimensjonar. Store aktørar i norsk kraftbransje har lagt fram planar for meir enn 130 vindmøller.

— Vi snakkar om svære areal av kommunen vår. Eg er sterkt betenkt over så store og irreversible naturinngrep, seier Sp-ordføraren.

Planane er lagt på bordet, og NVE har kalla inn til folkemøte i kveld. Kommunestyret har sagt ja til å få saka vidare utgreidd. Vindkraftdøra står på gløtt i Solund.

Og ordføraren erkjenner ope at kommunen står overfor mektige aktørar og vanskelege dilemma.

— Til dømes har Vestavind Kraft AS tilbydd oss 10 millionar kroner årleg i konsesjonsperioden, seier Åmdal Mongstad. - Det utgjer ein femdel av heile Solund kommune sitt driftsbudsjett. Det er ikkje noko ein berre seier nei til sånn heilt utan vidare.

Vestavind Kraft AS er da heller ingen smågut i dette spelet, eigd som dei er av tungvektarar i vestnorsk kraftbransje som BKK, SFE, Sunnfjord Energi, Sognekraft, Tafjord Kraft, Sunnhordland Kraftlag og Haugaland Kraft.

Men Sp-ordføraren i Solund meiner at også gull kan kjøpast for dyrt, og er blitt svært skeptisk til å sleppe laus gigantprosjekta som er planlagt.

— Det er menneska her ute som skaper eit livskraftig samfunn. Vindmøllene i seg sjølv kan ikkje berge framtida for Solund, seier ho.