Saka gjeld hemmeleghald av søkarar til stillinga som likestillings— og diskrimineringsombod.

Ombodsmannen, som er Stortinget si vaktbikkje overfor forvaltninga, nyttar uvanleg krass språkbruk.

Dåvøy handplukka Gangås

9. september i år vart politimeister Beate Gangås utnemnt i stillinga. Ho søkte stillinga 6. september og stod ikkje på den opphavlege søkarlista. Søknadsfristen gjekk ut 28. juni.

Dette inneber at departementet hadde vraka alle søkarane til stillinga. Det betyr vidare at Gangås vart beden av departementet, det vil seie dåverande statsråd Laila Dåvøy, om å søke stillinga.

Dåvøy avslår å uttale seg om saka til Bergens Tidende og viser til departementet.

Heilt sidan 15. juli var departementet orientert om at ombodsmannen behandla klagesak mot departementet for manglande innsyn i søkarlista.

Ombodsmannen hadde kravd og fått den fullstendige søkarlista. Han kravde også utførlege forklaringar frå departementet for avgjerda om å hemmeleghalde to av søkarane.

«Lite tillitvekkende»

Departementet fann likevel ingen grunn til å orientere Sivilombodsmannen om at ein hadde fått inn og vurdert søknaden frå ytterlegare ein søkar.

I fråsegna som ombodsmannen avgav denne veka, skriv han mellom anna:

«Jeg finner det (imidlertid) kritikkverdig at verken avisen - som hadde bedt om fullt innsyn i søkelisten - eller ombudsmannen - som behandlet en klage over avslaget - ble underrettet om at det var kommet ytterligere en søker på søkerlisten. Dette er lite tillitvekkende, og gjør det vanskelig for ombudsmannen å utøve sitt verv slik Stortinget har forutsatt. Jeg ber om at departementet merker seg dette, og unngår liknende i fremtidige saker.»

Ombodsmannen har også vurdert det forholdet at departementet valde å hemmeleghalde, først fire og til sist to av dei opphavleg 11 søkarnamna.

Vil ikkje overprøve

Han konstaterer at departementet er samd i at det her er tale om ei særleg viktig stilling og at det då skal mykje meir til for å hemmeleghalde søkarnamna enn om det er tale om ei mindre viktig stilling.

Ombodsmannen meiner departementet har gjort ei konkret og individuell vurdering av innsynsspørsmålet for kvar og ein av søkarane, slik kravet er. På grunnlag av ombodsmannslova kan han berre rette kritikk mot avgjerda dersom den framstår som «ugyldig eller klart urimelig».

Ombodsmannen konkluderer med at han ikkje har grunnlag for slike karakteristikkar i denne saka. Difor vil han ikkje kritisere avgjerda om å hemmeleghalde søkarane.

Ombodsmannen finn likevel grunn til å minne departementet om at «terskelen for å unnta søkere fra en offentlig søkerliste må ligge høyt særlig når det som her gjelder en stilling av særlig offentlig interesse».

-Tek kritikken til oss

— Vi har sjølvsagt merka oss at ombodsmannen ikkje finn grunn til å kritisere at vi unntok nokre av søkarane frå søkarlista. Vi er samde i at dette var ei særleg viktig stilling. Vi har også notert oss signala ombodsmannen gjev i den samanhengen, seier Harald Nybøen til Bergens Tidende. Han er departementsråd i Barne- og familiedepartementet.

— Samstundes har vi merka oss den kritikken vi får for feil ved saksbehandlinga. Vi ser at vi har fått kritikk på fleire punkt og tek kritikken til oss. Vi vil unngå liknande i framtida, seier Nybøen.