Bakgrunnen var at Stoltenberg nekta å gje innsyn i kven som hadde søkt jobben som departementsråd ved Statsministerens kontor. Denne jobben er den viktigaste embetsstillinga i heile sentralforvaltninga.

Bondevik fekk saka

Oppfylging av saka er nå sparka over til Kjell Magne Bondevik. Fire månadar etter at søknadsfristen gjekk ut, er det framleis ikkje utnemnd noko ny departementsråd.

20. juli klaga Bergens Tidende saka inn for Sivilombodsmannen etter å ha fått avslag på kravet om innsyn.

Etter fleire rundar om saka har ombodsmannen nå konkludert med at «det knytter seg «begrunnet tvil» til forhold av betydning for SMKs (Statsministerens kontors) avslag på Bergens Tidendes innsynsbegjæring.»

Ombodsmannen bad statsministeren vurdere innsynskravet frå Bergens Tidende på nytt i lys av dei merknadene han hadde til vurderingane Statsministerens kontor hadde presentert.

Dette kan vanskeleg oppfattast annleis enn som ein klar kritikk av handteringa av saka ved Statsministerens kontor.

Øvste embetsmann

Stillinga som departementsråd ved Statsministerens kontor er den øvste embetsmannsstillinga i staten. Stillinga vart lyst ledig etter at Bjørn Grydeland vart utnemnd til norsk EU-ambassadør i Brussel.

Då søknadsfristen gjekk ut i juni, hadde det meld seg tre søkjarar, to menn og ei kvinne. Statsministerens kontor avslo å opplyse kven søkjarane var, med den grunngjevinga at alle tre ynskte å vere anonyme.

Overfor ombodsmannen har statsministeren argumentert med «rekrutteringsomsyn» som grunngjeving for ikkje å gje innsyn.

Ombodsmannen godtek ikkje statsministerens argumentasjon. Han meiner den er for lettvint.

Bed om råd

Grydeland arbeider framleis som departementsråd. Han opplyser til Bergens Tidende at Statsministerens kontor nyleg har kontakta lovavdelinga i Justisdepartementet om saka.

Departementet er bede om å vurdere om ein søkar til ei offentleg stilling kan trekkje seg etter at søknadsfristen er ute – slik at namnet ikkje vil gå fram av den offentlege søkjarlista.

FIKK REFI: Jens Stoltenberg fikk refs av ombudsmannen.
FOTO: SCANPIX