Terje Ulvedal

Frå 1. januar i år blei den norske territorialgrensa utvida frå fire til 12 nautiske mil. Kystkommunar med undersjøiske gass— eller oljerelaterte installasjonar kunne tidlegare krevje eigedomsskatt frå desse ut til firemil-grensa. No kan dei krevje ut til tolv mil. Men slike krav vil ikkje oljeselskapa akseptere. Konflikten står om millionar av kroner.

— Vi har akseptert eigedomsskatt ut til fire mil. Men verken Statoil eller dei andre operatørane på norsk sokkel vil i utgangspunktet godta skattekrav ut til 12 nautiske mil. Selskapa vil samordne seg i denne saka, truleg gjennom Oljeindustriens Landsforening, seier informasjonssjef i Statoil Bergen, Harald Schjelderup.

Fleire millionar

Fleire kystkommunane på Vestlandet får i dag solide inntekter frå eigedomsskatt på undersjøiske installasjonar. Berre til kommunane rundt Fensfjorden er det snakk om fleire millionar kroner. Gulen kommune åleine hentar i dag inn over 1,2 millionar i året. Fedje har til og med 2003 fått inn 1,4 millionar. Dette er eigedomsskatt for røyrleidningen frå Troll.

— Etter utvidinga av territorialgrensa er denne summen for Fedjes del auka til kring 2,4 millionar i året. Statoil har så langt betalt inn det vi har kravd, men det er korrekt at oljeselskapa har varsla at dei har innvendingar i forhold til den siste millionen som blei plussa på frå 1. januar, opplyser Fedje-ordførar Erling Walderhaug.

— Kva går innvendingane ut på?

— Dei meiner at dei ikkje skal betale for området frå fire til tolv mil. Det kan sjå ut til at dette blir ei slik sak som er mat for juristar, men det er det ikkje for meg. Norsk lov seier at vi har rett til å krevje eigedomsskatt ut til territorialgrensa, og då vil vi følgje den.

Møte i august

Prinsippet for skattlegginga er at oljeselskapa skattar for storleiken på installasjonane innanfor ein kommune, eksempelvis for kvar løpemeter røyrleidning. Ei utviding til tolv mil vil difor kunne gje vesentleg større inntekter for kommunane, sjølv om det neppe er så enkelt som at det vil gje ei tredobling.

— Kva det vil ha å seie økonomisk om vi no må betale ut til tolv mil, har vi ikkje oversyn over. Men med prinsippet som gjeld for denne skattlegginga, seier det seg sjølv at skattekrava mot oss vil auke når territorialgrensa er lagt lenger ut i havet, seier Statoil-informasjonssjef Schjelderup.

Ifølgje Fedje-ordførar Walderhaug er det kalla inn til eit møte i slutten av august for å drøfte dissensen som har oppstått.

— Vi ventar og ser kva operatørane kjem med. Men vår utgangspunkt er klart, vi vil ha skatt ut til tolvmils-grensa, kommenterer Walderhaug.