— Det kan vera skikkeleg ekkelt, seier Industri Energi-tillitsvalt Roar Holtet i Seadrill om sengene som på Statfjord-feltet blir brukte på begge sider.

Industri Energi (IE) har stevna Norges Rederiforbund for Arbeidsretten fordi borearbeidarar blir nekta ekstratillegg på 445 kroner natta for denne typen innkvartering.

Boring av nye brønnar, modernisering og påbygging. Stor aktivitet på sokkelen gir auka bemanning, og kreative løysingar for innkvartering. I «Statfjord seinfase»-prosjektet har Statoil fått Petroleumstilsynets godkjenning til å nytta einmannslugarar som tomannslugarar, og soving på skift i same seng.

Tilsniking

— Vi meiner at Statoil brukar desse sengene ikkje berre til seinfaseprosjektet, men også til vanleg drift, seier Holtet.

— Oljeselskapa er kreative og finn mellombels løysingar som vi er med på. Så utnyttar dei seinare godviljen vår. Ei skikkeleg tilsniking, seier IE-tillitsmannen.

Ifølgje Holtet har boreselskapet Seadrill for tida over 20 tilsette på Statfjord B som må ta til takke med små lugarar som eigentleg er tomannslugarar delt i to. To personar deler ei seng som er oppreidd på både over- og undersida. Når dagarbeidaren går på vakt, blir senga vippa rundt for å gje leie til nattskiftarbeidaren.

Ikkje nok kvile

— Denne innkvarteringsordninga gir ikkje folka våre den naudsynte restitusjon og kvile. Lugarane er dessutan knøttsmå med liten oppbevaringsplass, seier Roar Holtet.

Arild Theimann i Industri Energi meiner at Petroleumstilsynet strekkjer dispensasjonen for improvisert nattlosji i lengste laget.

-Vi har prøvd å løysa saka utan å gå til retten, men no er det ingen veg utanom, seier han.

IE hevdar at bruken av klappsenger nærmast er å sjå som improvisasjon sett i system, og krev at dei tilsette i Seadrill får godtgjering med 445 kroner natta slik overeinskomsten mellom IE og Rederiforbundet fastset.