— På to år har prisen på fyringsolje stige med nesten 50 prosent, opplyser dagleg leiar Jørn Hope i Heskestad og Hope Varmeservice AS (Shell) på Søreide til Bergens Tidende.

I september 2003 tok Jørn Hope kr 4,35 for literen ved levering av 2.500 liter i Bergen sentrum.

  • I fjor hadde prisen stige til 5,50 for literen, og no ligg prisen på nesten 6,30, seier Hope.

Omrekna til pris pr. kilowatt-time har fyringsolja stige frå 55 øre i september 2003 til 70 øre no, og vel så det.

Men prisane svingar. Fredag 16. september tok Jørn Hope kr 6,29 for ein liter fyringsolje for same levering som nemnt over. Esso Energi tok kr 6,50 for literen for ei veke sidan. Måndag 19. september opplyste Randi Landås i Esso Energi at prisen var gått ned til kr 6,37.

— Den prisen vi har opplyst gjeld for standardolje. Vi har og ein finare kvalitet som kostar litt meir. Men den brenn meir effektivt, så vi tilrår den finare kvaliteten for dei som er opptekne av økonomi. Den finare oljekvaliteten sotar og mindre i kjelen. Så alt i alt løner det seg å betala litt meir for literen, seier Randi Landås.

Opp eller ned?

På den andre sida har straumen halde seg på same nivå som for to år sidan, eller til og med gått litt ned. Etter dei siste dagane med ekstra mykje regn, vert det og meldt om fulle magasin i fjella. Normalt skal dette verka dempande på straumprisen. Men straummarknaden har sin eigen logikk som ikkje er lett trengja gjennom for den vanlege forbrukar. Nett no kostar straum frå Fjordkraft ca. 72 øre pr. kilowatt-time, medrekna nettleige. Men som vanleg er det fleire andre som er billegare. Straum frå Telinet Energi kostar 63,70 pr. kilowatt-time i Bergen. Også det er medrekna nettleige. Den betalar vi til BKK same kven vi får straumen frå.

Og med oljekrise både her og der rundt omkring i verda, er det vanskeleg å sjå at prisen på olje vil gå nedover med det fyrste. Heller får vi vel vera glade om prisen ikkje stig endå meir.

Men straumprisen kan og gå til værs att med stigande etterspurnad. Så utover hausten og vinteren kan det vera hips om haps om vi nyttar straum eller olje til å få varme i stova.

Varmepumpe gjer susen

Dette var nytt for berre få år sidan. Men no har nesten 140.000 norsk hushald installert varmepumpe. Og marknaden er stadig aukande. Vestnorsk Enøk rekna for eit par år sidan ut at prisen på denne vamen tilsvara ein pris pr. kilowatt-time på ca. 35 øre. Meir utvikla teknikk og sikrare drift har fått denne prisen ned i 30 øre, opplyser Bård Bårdsen i Norsk Varmepumpeforening til Bergens Tidende.

Store variasjonar på ved

Vedfyring har ein dårleg sesong bak seg, får vi høyra frå fleire vedhandlarar. Det skuldast sjølvsagt den milde vinteren. Som alltid er det stort sprik i prisane. Dei som både kan henta og hogga veden sjølv, får og den rimelegaste oppvarminga. Vi ser då bort frå arbeidsinnsatsen, og reknar vedhogst som fritidsaktivitet.

Dei som må kjøpa ved, kan velja mellom tilbod som svingar frå 16-1700 kroner målet og opp til 2600 kroner.

— Gjennomsnittleg pris hjå våre medlemer er 1.660 kroner målet, opplyser dagleg leiar Oddvar Espegard i Norsk Ved AS, som er forum for norske vedprodusentar.

På grunnlag av denne prisen reknar Espegard ut at god, turr bjørkeved kjem ned i ein pris pr. kilowatt-time på ca. 50 øre. Han har då rekna inn 80 prosent verknadsgrad, seier han.

Dette vil sjølvsagt variera svært mykje, alt etter ovnstype og måten ein fyrer på. Truleg vil dei fleste koma på ein kilowattpris godt over langt over 50 øre. I alle fall i Bergensområdet. Vil du ha bjørkeveden levert på husdøra, må du ut med over 2000 kroner målet. Ja, Steinar Carlson på Apeltun tek 2.600 kroner målet. Og endå har han sett ned prisen frå 2800 kroner sidan sist.

Ulik konkurranse

— Eg måtte det på grunn av konkurransen. Sjå til dømes på Plantasjen, kva pris dei tar for veden. Eg er sikker på at dei sel han med tap.

Det meiner og Sigbjørn Lerum hjå ANS Vedservice i Totlandsveien på Nesttun.

— Vi må konkurrera med mange små vedprodusentar rundt omkring som lurer seg unna moms, seier Lerum, som tek 2.400 kroner for eit mål bjørkeved levert i to kassar.

Litt billegare er det på Askøy, der Olaus Krøger hjå Askøy Ved tek 2.190 kroner for eit mål.

Men desse vedspesialistane kjempar ein tung kamp mot den landsfemnande kjeda Plantasjen. Der er tilbodet 29,50 for ein 40 liters sekk, noko som tilsvarar 1.770 kroner målet.

Tor Høvik