— Vi er nøydde for å speeda opp leitinga for å unngå det dramatiske fallet i aktivitet og investeringar vi ser etter 2006, sa oljedirektør Gunnar Berge på Stordkonferansen i går. Den tidlegare Ap-strategen fekk støtte frå konserndirektør Tore Torvund i Hydro olje og energi, Rolf Terje Klungland i Stortingets energi- og miljøkomité og Aker Kværners konserndirektør Helge Lund og fellestillitsvalte Atle Tranøy.

— Norsk sokkel er moden, og no tek vi til å få dårleg tid. Vi må auka utforsking og utvinningsgrad, redusera kostnader, få meir leiteareal og få tempoet opp i internasjonaliseringa, sa Tore Torvund.

- Åtte år att med olje

— Visst vi held like høg produksjon som i dag utan å føreta oss noko nytt, har vi olje att berre i åtte år, og gass i 24 år. No har vi leita i 15 år utan å gjera større funn, utanom gassfeltet Ormen Lange. Så det hastar, sa Hydro-direktør Torvund på den femte Stordkonferansen.

— Utfordringa er at dei store felta på norsk sokkel alt er funne. Men det er mange mindre felt, og verda treng olje. Vi har enorme muligheter, og vi har kompetansen. Britisk sokkel har unngått forvitringsscenariet ved å gjera noko med rammevilkåra. Dei har no den lågaste sokkelskatten i verda. Det norske skattenivået gjer det ulønsamt å investera, det er grunnen til at det ikkje lenger blir leita særleg, sa Torvund.

Noreg har 65 olje- og gassfelt. 12 av dei har avslutta produksjonen, 45 er i produksjon, åtte er godkjende for utbygging. I 2002 blei det starta leiting i 19 brønnar, mot 34 året før. Prognosen for i år er 15 leitebrønnar. Ei utfordring er borekostnadane på norsk sokkel, sa Statoils konserndirektør Henrik Carlsen. Det er dobbelt så dyrt å bora ein brønn på norsk sokkel i høve til på britisk side, sa han.

Ifølgje Oljedirektoratet har Noreg utvunne knapt ein firedel av sine olje- og gassressursar på 30 år, og vil vera ein stor oljeprodusent i 50 nye år, og ein stor gassprodusent i 100 år.

- Skyt oss i foten

— I Noreg har vi vore ekstremt dyktige til å skyta oss sjølve i foten, og vi siktar stadig høgare. Vi må no får fokus på alt det vi får til i oljeindustrien, utnytta totalkompetansen, stimulera til leiting og utvikla uoppdaga og potensielle småfelt, seier fellestillitsmann i Aker Kværner, Atle Tranøy til Bergens Tidende. Aker Kværners konserndirektør Helge Lund sa at leverandørindustrien må bu seg på nye omstillingar.

— Det har vore dramatisk, samstundes er det positive ting å ta fatt i. Vi må ikkje sutra, elles kjem vi ikkje vidare, sa Lund, og nemnte plattformfjerning som ein viktig marknad for Aker Stord.

LYS I SVARTMALINGA: Hydros konserndirektør Tore Torvund (til v.), oljedirektør Gunnar Berge og stortingsrepresentant Rolf Terje Klungland (til h.) svartmalte utsiktene for norsk offshoreindustri på Stordkonferansen, men ser likevel lys i tunnelen.
FOTO: OVE OLDERKJÆR