Fylkesmann Oddvar Flæte i Sogn og Fjordane overrekte den høgthengjande utmerkinga i samband med opninga av det nye klimadelen av Norsk Bremuseum i går.

Orheim har sidan 1993 vore direktør ved Norsk Polarinstitutt. Før han tok over som sjef, var han både forskar, forskingssjef, forskingsdirektør og nestleiar ved instituttet. I samband med tildelinga er det lagt stor vekt på Orheims innsats i oppbygginga av polarinstituttet etter at det under hans direktørperiode blei avgjort å flytte frå Oslo til Tromsø. Han har også i ei årrekkje vore sentral i den norske forskinga i polområda.

Olav Orheim ættar frå Fjærland. Han var ein av initiativtakarane til Norsk Bremuseum, der han også er styreleiar.