• Det står at det er oksesteik, men kan det altså vera kusteik? spør Solbjørg Aas, der ho står ved frysedisken på Rema i Eidsvåg.

JOHN LINDEBOTTENjohn.lindebotten@bergens-tidende.no

– Men steika kjem frå Nordfjord Kjøtt. Eg er sjølv nordfjording, og då kjenner eg meg i alle fall trygg på at kvaliteten er god, og at kjøtet ikkje kjem frå utlandet, seier Solbjørg Aas.

– Vi har snakka ein del heime om dette med BSE og kugalskap. I jula hadde vi gjester frå England, og dei fortalde at dei har slutta å eta kjøt. Men vi fekk dei til å eta kjøt her hjå oss. For ikkje å snakka om då dei fekk hjortesteik oppe i Nordfjord, fortel ho.

Kua skifter kjønn Dagleg leiar hjå Fatland Bergen, Jan Owe Karlsen, stadfester at «okse» på frysepakken eller på resaurantmenyen like gjerne kan vera ku, eller kvige for den del. Kua skifter altså kjønn når ho let livet på slakteriet.

– Men vi prøver å liggja litt føre utviklinga, og er budde på at krava til merking kan verta skjerpa. Difor arbeider vi no med å finna ut kva som må til av teknologisk utstyr for å kunna spora ein pakke i frysedisken heilt attende til bonden og namnet på dyret, seier Karlsen.

– Men eit slikt gjennomført system vert dyrt, meiner han.

Skrottlappe På slakteriet til Fatland i Eidsvåg er kua eller stuten utstyrt med såkalla skrottlappe heilt til skrotten vert delt opp. På lappen står det ku, kvige eller okse. Namnet på dyret og på leverandøren ligg gøymt i ein strekkode.

Men så snart skrotten vert delt opp, er alt berre okse og norsk. Slik har det alltid vore.

– Men forbrukarane kan vera trygge på at alt såkalla risikomateriale i samband med kugalskap er vert fjerna. Hjerne, ryggmarg og tarmar vert klassifisert som såkalla SRM, særleg risikofylt materiale, og det går til destruksjon saman med skjelettet, seier Jan Owe Karlsen.

Grundig kontroll Han presiserer og at veterinærar undersøkjer alle dyr som vert leverte til slakt. Etter at dyret er avliva, vert det teke prøver av innvollar, og ved det minste funn av noko mistenkjeleg, vert skrotten lagt til side inntil alle prøver er analyserte.

– I land med kugalskap er dei svært redde for at beinsubstans fylgjer med når dei siste kjøtrestane skal skiljast frå skjelettet.

– Slikt kan henda når prosessen går føre seg i separator, ved sentrifugering. Hjå oss vert dette gjort ved finskjæring, og det kjøtet går til kjøttdeig, seier Jan Owe Karlsen.