Trass i rekordomsetting på svimlande 2,6 milliardar kroner i fjor greidde ikkje Norsk Rikstoto å gå i pluss. Årsresultatet endte med minus 11,5 millionar kroner.

Det aller meste av eigenkapitalen er tapt og likviditeten elendig. Økonomien er så dårleg at stiftinga har vorte tvinga til å gå på tiggarferd til Landbruksdepartementet for å unngå fallitt.

Etter eit krisemøte med den øvste administrative sjefen i departementet, departementsråd Per Harald Grue, fekk Norsk Rikstoto i sommar eit rentefritt lån frå staten på ca. 16 millionar kroner til å kome over den verste kneika.

Det var likevel langt mindre enn Norsk Rikstoto hadde bedt om: Dei ville ha 25 millionar kroner i tilskot, i form av avgiftslette, for å rette opp likviditeten. Denne blir av styreleiar Morten Chr. Mo karakterisert som «meget anstrengt» i eit brev til statsråd Lars Sponheim.

Mo bad også om ytterlegare avgiftslette på minimum 48 millionar kroner for å byggje opp att eigenkapitalen, og ville gjerne møte Sponheim personleg for å forklare krisa.

— Fullstendig uhaldbart

Og ei forklaring kan vere på sin plass, når omsettinga var rekordhøg og dei to organisasjonane som står bak stiftinga Norsk Rikstoto - Det Norske Travselskap og Norsk Jockeyklub - fekk utbetalt 68 millionar kroner frå selskapet i kriseåret.

Til saman overførte Norsk Rikstoto 173 millionar kroner til ulike delar av norsk hestesport i fjor, trass i at den rundhanda pengeutdelinga førte dei rett ut i ei økonomisk hengemyr.

Overføringane frå Norsk Rikstoto til hestesporten blir nemleg ikkje bestemt ut frå driftsresultatet, men ut ifrå budsjettet. Og sjølv om det vart sett ny omsettingsrekord i fjor, var budsjettet enda meir optimistisk. Omsettinga svikta med 9 prosent i forhold til budsjett, utan at utbetalingane til eigarane vart redusert av den grunn.

— Eit fullstendig uhaldbart forretningsprinsipp. All logikk tilseier at vi overfører pengar ut frå resultatet, ikkje ut frå eit forventa overskot. Alt anna knekkjer alle moglegheiter for fornuftig forretning, seier konstituert direktør Arne Herberg i Norsk Rikstoto.

Ytterlegare svikt i år

Han lovar at det skal bli ei endring på dette frå 2003. I år har dei sett i verk ein økonomisk hestekur for å halde seg flytande. 11 fast tilsette er i sommar sagt opp, og overføringane til Det Norske Travselskap, Norsk Jockeyklub og Norsk Hestesenter er redusert med 4,6 millionar kroner. I tillegg er premieutbetalingane på V75 kutta med 8 millionar kroner, og drifta internt i Norsk Rikstoto barbert med 6 millionar kroner.

— Alle har bidratt, og vi skal greie å gjere opp for oss og kome igjennom dette, seier Herberg.

Også i år har det vorte spelt for mindre pengar hos Rikstoto enn forventa: Omsettingssvikten var på 11 prosent dei fem første månadane, samanlikna med budsjettet. Hovudgrunnen er ifølgje styreleiar Mo at konkurransen frå utanlandske speleselskap, som også tilbyr hestespel på norske banar, har vorte skjerpa.

3,7 prosent av omsettinga til Norsk Rikstoto går attende til staten som avgifter. Norsk Rikstoto har i fleire år arbeidd for å få denne avgifta redusert.