— Livet er for kort til å jobbe veldig lenge på ein stad, seier Grimstad til Bergens Tidende.

— Eg har fått spørsmål om eg nå skal begynne som forsvarar i økonomiske straffesaker. Det skal eg difinitivt ikkje, seier han.

Grimstad har nyleg avslutta iretteføringa av den store svindelsaka mot tidlegare leiarar i reiarlaget OVDS. I februar avslutta han den omfattande etterforskinga mot mulla Krekar.

Han sluttar i Økokrim 1. oktober. Han har då arbeidd tilsaman 20 år i politiet, først om lag 10 år som tenestemann, sidan vel 10 år som politijurist i Økokrim, dei siste 3 1/2 åra som nestsjef .

Før han vart nestsjef i Økokrim, arbeidde han med å bygge opp etterforskingsavdelinga i revisjons- og rådgjevingsselskapet PricewaterhouseCoopers

Grimstad seier røynslene frå Økokrim har vist at mange verksemder har stort behov for rådgjeving når det gjeld å handtere og ikkje minst førebygge og avverge at det oppstår kriminalitet internt. Han meiner mange selskap har mykje å gjere i haldningsskapande tiltak.

Grimstad har, ved sidan av jobben, fullførd eit 3-årig master-studium i leiarskap, styrearbeid og organisasjonskultur. Han seier han er sterkt oppteken av det han kallar «verdibasert leiarskap».

Grimstad meiner mange verksemder handterer mislege forhold som blir avdekka, heilt feil. Ofte blir slike forhold feia under teppet og søkt kamuflert ut frå siktemålet å unngå negativt stempel gjennom medieomtale.

— Signaleffekten leiinga sender gjennom ein slik framgangsmåte, kan vere svært øydeleggande. Ofte blir forholdet likevel kjent. Konsekvensen kan vere at verksemda får problem med å rekruttere nye dyktige folk, og flinke folk kan også sjå seg best tent med å slutte for ikkje å bli identifisert med det som framstår som ukultur, seier Grimstad.

— Tidspunktet for å slutte, er tilfeldig. Det passa godt sidan eg var godt ajour med saker eg har arbeidd med, etter at Krekar-saka vart lagd vekk. Hadde det derimot blitt tiltale mot Krekar, ville eg nok ha halde fram med iretteføring av den saka, seier han.