VIDAR YSTAD

Grimstad risikerer dermed å få ei lite hyggeleg avskilsgåve når han om kort tid sluttar i Økokrim for å starte privat juridisk verksemd.

I april i fjor melde advokat Brynjar Meling, på vegner av Krekar, Grimstad til det særskilde etterforskingsorganet for politisaker, SEFO. Bakgrunnen var at Grimstad gjennomførde ei ransaking og gjorde beslag heime hjå Krekar på eit juridisk grunnlag som dagen før var underkjend av Borgarting lagmannsrett. Ransakinga vart gjennomførd med grunnlag i den såkalla terrorismeparagrafen. Lagmannsretten hadde konkludert med at det ikkje var grunnlag for å nytte denne paragrafen mot Krekar.

Meling meinte Grimstad ved dette høvet opptrådte sterkt kritikkverdig, og at det var snakk om grov uforstand i tenesta.

Fleire sentrale aktørar i påtalemakta har til Bergens Tidende gjeve uttrykk for at dei aldri ville ha våga å gjennomføre ein slik aksjon etter ei så klar avgjerd frå lagmannsretten.

SEFO etterforska saka i fjor haust og sende innstilling til Oslo statsadvokatembete i desember. Statsadvokatembetet ba om ytterlegare etterforsking/vurdering, og saka vart returnert endeleg med innstilling i juni i år, opplyser tingrettsdommar Åge Karlsen, som leia SEFO-etterforskinga.

Det er førstestatsadvokat Lasse Qvigstad, som er leiar for Oslo statsadvokatembete, som har hatt saka til behandling.

Ei tid etter at saka kom til behandling, reiste Grimstad spørsmål ved om Qvigstad var habil til å behandle saka.

Dette stadfester førstestatsadvokat Knut Kallerud ved riksadvokatembetet overfor Bergens Tidende.

Kallerud opplyser at både Qvigstad og riksadvokatembetet kom til at det ikkje var grunnlag for å hevde at Qvigstad var ugild.

Men etter framlegg frå Qvigstad og i forståing med riksadvokaten, er det nå likevel avgjort at riksadvokaten som første instans skal behandle saka mot Grimstad.

— Vi har valt denne løysinga av di saka reiser ein del prinsipielle spørsmål, seier Kallerud.