Økokrim gjekk laus på 66 nye saker i 2003, mot 107 året før. Det er ein nedgang på 38 prosent, og kjem trass i åtte nye stillingar og ein budsjettauke på 14 prosent.

I siste halvår opna ikkje Økokrim nesten noko ny etterforsking, fordi dei hadde meir enn nok å henge fingrane ifrå før.

— Vi har hatt mange kompliserte og arbeidskrevjande saker, Finance Credit er ei av dei, seier Økokrim-sjef Einar Høgetveit til Bergens Tidende.

Ein del av nedgangen skuldast også at mindre verdipapirsaker er vorte overført til dei lokale politidistrikta.

Fleire advokatar

Høgetveit ser ein klar tendens til at etterforskinga av store økokrim-saker blir meir og meir arbeidskrevjande.

— Motpartane våre mobiliserer meir enn dei gjorde før. Det er for eksempel heilt vanleg at mistenkte stiller med to forsvarar. Det fører til meir arbeid også for oss, seier Høgetveit.

Økokrims statistikk for fjoråret viser at to foretak og 33 enkeltpersonar fekk rettskraftig dom etter Økokrim-etterforsking i fjor, og at det vart vedteke 25 førelegg. Ti saker enda med frifinning eller påtaleunnlating.

— Vi hadde ein domfellingsprosent på 88 prosent. Det er vi godt nøgd med, seier Høgetveit.

Svindel med offentlege pengar

Øvst på ønskelista til Økokrim-sjefen står ei eiga gruppe som skal ta for seg svindel med offentlege støtteordningar.

— Vi har sett ein del slike saker i det siste, og eg trur det blir fleire. Det blir utbetalt veldig store midlar frå det offentlege, og kontrollen kan vere så som så, seier Høgetveit.

Eitt eksempel er saka mot Ofotens og Vesteraalens Dampskibsselskap (OVDS), der fem personar er tiltala for å ha svindla staten for 100 millionar kroner ved hjelp av ulovleg rekneskapsføring.

— Mørketala er store, det veit vi. Difor er det også vanskeleg å seie om vi totalt sett har ein auke i økonomisk kriminalitet eller ikkje. Det spørsmålet ønskjer eg ikkje å ha ei meining om, seier Høgetveit.