Men sjukehuset på Eid skal ha jordmorstyrt fødestove. I Odda blir den forsterka fødestova jordmorstyrt, noko som også er i pakt med eit tidlegare styrevedtak i Helse Vest.

Sjølv om fødetilboda ved dei to lokalsjukehusa i Sogn og Fjordane blir avvikla i si noverande form, opnar likevel regjeringa for at det kan bli jordmorstyrte fødestover begge stader.

— Dersom kommunane i Indre Sogn ønskjer å vere med på å drive ei jordmorstyrt fødestove ønskjer vi det velkome. I Nordfjord ber vi Helse Vest etablere ei slik fødestove. Vi ser at dette kan vere ønskjeleg i forhold til dei fødande i fylket som får lengst reiseveg til sjukehus, seier helse- og omsorgsminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen.

I Nordfjord har både politikarar og sjukehustilsette avvist tanken om ei jordmorstyrt fødestove. Argumentet har vore at eit slikt fødetilbod ikkje vil vere tilfredsstillande. No får dei altså ei jordmorstyrt fødestove når fødeavdelinga blir avvikla neste år. Etter det Bergens Tidende kjenner til viser departementet til at erfaringane med slike jordmorstyrte fødetilbod er svært gode.

Krevjande

Avgjerda i den svært omstridde sjukehussaka i Helse Vest blei fatta i regjeringskonferanse i går. Ei samla regjering står bak vedtaket:

— Vi har bak oss ein omfattande prosess. Eg legg ikkje skjul på at dette har vore ei krevjande sak for regjeringa. Det er ei sak som har skapt eit veldig engasjement, ikkje minst i Sogn og Fjordane, og eg har stor forståing for at dette opptek folk. I vedtaket følgjer vi opp faglege råd som har vore eintydige. Regjeringas viktigaste mål har vore god kvalitet på fødetilboda, og på same tid lage ein struktur for fødetenestene som sikrar stabilitet i framtida, seier statsråden.

Ho viser mellom anna til at fleire av institusjonane har slite med å rekruttere fagfolk. I Lærdal har eksempelvis gynekologberedskapen ved fødestova vore oppretthalden ved hjelp av ein omfattande stafett med svenske vikarlegar.

Får behalde ortopedien

Sjukehusstriden har ridd Sogn og Fjordane som ei mare i meir enn eitt år. Like sidan helseføretaket i fylket i mars i fjor presentere sin nye strategiplan har debatten rasa. Skiljelinjene har i stor grad vore geografiske. Sunnfjordingar og ytresogningar har slutta opp om Førde sentralsjukehus. Nordfjord har slutta ringen om sjukehuset på Eid, medan indresogningane har vore meir delte i støtten til Lærdal sjukehus.

Striden har ført til djup splitting i fleire politiske parti. Mest synleg har det vore i Ap, der Clara Øberg og Harry Mowatt, leiar og medlem i styret for Helse Førde, blei vraka frå fylkestingslista til partiet.

Også i regjeringa har saka skapt bølgjer. Sp-leiar Liv Signe Navarsete har lagt stor prestisje i kampen for å oppretthalde eit best mogleg tilbod ved lokalsjukehusa.

Regjeringa går altså langt i å følge vedtaka frå leiinga i Helse Vest om fødetenestene på Vestlandet. Men når det gjeld den sterkt omstridde omlegginga av sjukehustilbodet i Sogn og Fjordane, tek regjeringa ei rekkje nye grep.

Både Eid og Lærdal skal ha indremedisinske akuttfunksjonar. Begge får avdelingar for barselsomsorg med følgjeteneste for dei gravide. Også Lærdal skal ha dette, uansett om det blir fødestove eller ikkje. Både Eid og Lærdal skal ha heildøgnsopne avdelingar for laboratorietenester og røntgen. Og både i Indre Sogn og Nordfjord inviterer regjeringa kommunane med på å etablere lokalmedisinske sentra, slik Helse Førde har teke til orde for.

Kan dette vera ei løysing på sjukehusstridane? Sei di meining.