KrF-politikarane går stille i lendet og øsar seg ikkje lenger opp mot barnematdirektivet, slik dei gjorde under den første Bondevik-regjeringa. Helseminister Dagfinn Høybråten greidde på gruppemøtet i Stortinget sist onsdag å roa dei som var skeptiske sist.

Leiaren i Kristeleg Folkepartis Ungdom, David Hansen, seier i samtale med Bergens Tidende at «patentdirektivet er mykje viktigare enn barnematdirektivet. Der kjem vi ikkje utanom å leggja ned veto.»

— Feigt av regjeringa

Leiaren i Nei til EU, Sigbjørn Gjelsvik, innser på si side at KrF vil unngå å føra to krigar nokolunde samstundes, og har derfor «valt bort» barnematen. Kampen mot patentdirektivet kjem truleg først i haustsesjonen. Regjeringa har varsla at proposisjonen kjem i juni.

— Eg tykkjer likevel at dette er ei feig framferd av regjeringa, seier Gjelsvik til BT. Han meiner at Bondevik med stor tryggleik kunne ha lagt ned veto også mot barnematdirektivet, for i EU-augo er det her snakk om langt mindre pengar enn t.d. i samband med gassmarknadsdirektivet. Heller ikkje det er enno formelt vedteke av Stortinget.

Bondevik varslar dissens

Statsministeren gjorde det tidleg klart etter valet i fjor haust at det ikkje på nokon måte kjem på tale for han og KrF å gje etter for patentdirektivet. Han sa til BT at KrF vil ta dissens i regjeringa, og deretter røysta mot regjeringa i Stortinget.

Høgre har akseptert denne strategien. Den er eit stykke på veg ein parallell til det som skjedde då Senterpartiet røysta imot veterinæravtalen, etter at fire at Sp-statsrådane tok dissens i Bondevik-regjeringa.

Ljones er trygg

Stortingsrepresentant Ingmar Ljones kjenner seg trygg på at KrF kan leva med å gje grønt lys til barnematdirektivet. Han meiner at alt søkjelyset mot sunn barnemat i seinare år må ha sett sine spor hjå produsentane. Dessutan skal det førast sterkare kontroll med den barnematen som er å få kjøpt i butikkane.

— Både helseministeren og fagfolka er kome til at dette direktivet no er til å leva med, og det rettar eg meg etter, seier Ljones.

Den nye leiaren i Hordaland KrF, fylkesvaraordførar Torill Selsvold Nyborg, ser heller ingen grunn til å heisa kampfana no.

— Nei, dette er ei for lita sak å gå på. Vi kjem sterkare att i striden om patentdirektivet. Der har vi ingen ting å gå på, seier ho.