Einskilde offiserar går så langt at dei brukar klåre «sexistiske» argument mot statsråden.

— Det nyttar ikkje å stille med eit pent smil og pene kne til denne jobben. Det er heller ikkje nok å vere godt likt. Du må ha litt bly i baken, seier til dømes admiral Einar Skorgen.

Samstundes ivrar fleire politikarar for at Regjeringa må lansere Krohn Devold som ny generalsekretær i Nato. Det gjeld både forsvarspolitisk talsmann i Høgre, Bjørn Hærnes, og leiaren i Forsvarskomiteen, Marit Nybakk, frå Ap.

Offiserane kritiserer Krohn Devold mellom anna etter eit møte i Oslo militære samfunn nyleg. På møtet, med kongen og heile forsvarsleiinga til stades, forma ho hendene som ein ropert og ropte ut over forsamlinga «den kalde krigen er over».

— Eg synest ikkje slikt går an, seier flaggkommandør Jacob Børresen til Bergens Tidende.

Ein general, som vil vere anonym, karakteriserer overfor Bergens Tidende «forestillinga» som «uverdig».

- Likar retorikken

— Det er tydeleg at Kristin Krohn Devold har vekt begeistring hjå amerikanarane som likar den typen retorikk og den framtoningen ho har, seier Børresen.

— Der er det retorikken, framferda og evne til sosial omgang og å knyte kontaktar som tel. På desse felta har tydelegvis Kristin Krohn Devold gjort ein god jobb, seier Børresen.

— Vi har lenge freista å få ein nordmann inn i stillinga som generalsekretær i Nato. Både Kåre Willoch og Johan Jørgen Holst vart lansert. Eg føler at situasjonen vi er i nå internt i Nato og trugsmål om krig i Irak, tilseier at ein må ha ein person med større tyngde, ein som kjem frå eit større og viktigare land. Nato kan kome i ei svært vanskeleg stilling med intern splitting mellom medlemene.

— Eg har registrert at Kristin Krohn Devold ikkje alltid har hatt like god hand med Forsvaret. Ein generalsekretær i Nato må ha ei sterk hand på roret. Eg tvilar på at Devold er rett for oppgåva, seier general Torkell Hovland.

- Pent smil ikkje nok

— Eg kan godt forstå politikarar som ønskjer å ha slike stillingar å gå til. Men generalsekretærjobben i Nato blir forferdeleg vanskeleg i åra framover med meir splid mellom medlemene. Det nyttar ikkje å stille med eit pent smil og pene kne. Det er heller ikkje nok å vere godt likt. Du må ha litt bly i baken, seier admiral Einar Skorgen til Bergens Tidende.

Skorgen meiner Krohn Devold har alt for lite internasjonal erfaring for å gå til ein slik jobb. Dessutan meiner han at ho og regjeringa leflar alt for mykje med amerikanarane.

— Denne Irak-krigen som er varsla, kan føre med seg mykje rart. Først etter at svært mange andre land har reagert og protestert og ein ser opinionen her heime, har regjeringa manna seg litt opp, seier Skorgen.

Børresen seier han er svært lite begeistra for den krigsretorikken Krohn Devold driv med.

— Eg synest ho behandlar desse alvorlege spørsmåla på ein overflatisk og lemfeldig måte, seier Børresen.

Ein general som vil vere anonym. seier at Nato treng ein velutdanna analytisk person som også har handlingsevne:

— Eg nemner analyseevne først, dernest handlekraft.

BT freista i går å koma i kontakt med statsråden, utan å lykkast. Pressetalsmann Martin Lohne opplyser at ho ikkje ønskjer å uttala seg om saka.

MØTER MOTBØR: Forsvarsminister Kristin Krohn Devold møter sterk motbør som mogeleg kandidat til jobben som generalsekretær i Nato frå garva offiserar. - Det nyttar ikkje å stille med eit pent smil og pene kne, seier admiral Einar Skorgen.

ARKIVFOTO: LINE MØLLER, VG

<b>MØTER MOTBØR:</b> Forsvarsminister Kristin Krohn Devold møter sterk motbør som mogeleg kandidat til jobben som generalsekretær i Nato frå garva offiserar. - Det nyttar ikkje å stille med eit pent smil og pene kne, seier admiral Einar Skorgen.<p/> ARKIVFOTO: LINE MØLLER, VG