Anklagene mot oberstløytnanten vart i fjor haust lagt vekk av det sivile politiet «som intet straffbart forhold».

No har generaladvokaten, som ein direkte konsekvens av denne saka, sendt ut eit rundskriv som regulerer militærpolitiet (MP) sin bruk av tvangsmiddel og etterforsking.

Det stadfester generaladvokat Arne Willy Dahl overfor Bergens Tidende.

Når vi spør Dahl om kven som styrer militærpolitiet, er svaret at «det er eit godt spørsmål».

Han seier at MP skal yte hjelp til den militære sjefen som bed om det. Men det er ingen kompetent jurist som styrer MP.

Eivind Solberg, som er ny leiar i Befalets Fellesorganisasjon (BFO), opplyser at BFO er sterkt oppteken av militærpolitiet si rolle.

— Vi vil ta opp med Forsvaret kva rolle og fullmakter militærpolitiet skal ha og korleis dei oppfattar si eiga rolle, seier Solberg.

— Det er umåteleg viktig at ikkje militærpolitiet overtek sivilpolitiet si rolle. Vi kan ikkje akseptere at militærpolitiet opererer utanfor fullmakter. Det er svært viktig å få ein tydeleg grenseoppgang mellom militærpolitiet og sivilpolitiet sine ansvarsområde, seier Peter A. Moe, leiar i Norges Offisersforbund.

Samstundes med at Geir Arne Høiland vart arrestert, vart heimen hans i Gausdal ransaka av militærpolitiet med ein lensmannsbetjent på hjul.

Dei kom under ransakinga over to handgranatar. Lensmannsbetjenten meinte dei var «kalde» og ufarlege. Løytnanten skal ifølgje lensmannsbetjenten ha meint det motsette og sagt: «Ta desse, så får du ei sak på han du også».

Ei seinare ekspertgransking viste at granatane var kalde.

- Svært skuffa

Politiet meinte Høiland skulle få tilbake det utstyret militærpolitiet hadde teke med seg under ransakinga.

MP har hevda at materiellet, utrangerte radioar og anna kommunikasjonsutstyr som var kassert, urettmessig og illegalt hadde hamna i Høiland sine hender.

Etterretningstenesta har konkludert med at materiellet ikkje har vore klausulert eller underlagd lisensar, at det for lengst er teke ut av bruk og kassert, og er utan restverdi. Det er såleis ikkje noko til hinder for tilbakelevering av materiellet til Høiland, konkluderer E-tenesta.

Høiland vart arrestert av uniformert militærpoliti under eit seminar han deltok i på Krigsskolen i Oslo i februar 2006. Han vart påsett handjarn, transportert til Akershus festning i bil og sett på glattcelle.

Han fortel sjølv at han vart utsett for ei svært nedverdigande behandling.

— Etter at militærpolitiet har måtta tole krass kritikk for framgangsmåten sin, hadde eg i det minste venta ei orsaking frå militærpolitiet og Forsvaret. Det har eg ikkje fått, og det skuffar meg veldig, seier Høiland, som har meir enn 30 år bak seg i Forsvaret.

Han og advokaten hans er likevel ikkje ferdige med saka: Advokaten har varsla Forsvaret om at han førebur erstatningskrav for urettmessig straffeforfølging.

Åserud, Lise