Han utfordrar dermed den tidlegare statssekretæren til justisminister Odd Einar Dørum, Jørn Holme, i kampen om jobben. Holme (44) har nå permisjon frå stillinga som førstestatsadvokat i Økokrim.

Begge har søkt den ledige jobben som toppsjef for PST, det tidlegare overvakingspolitiet. Stillinga vart i juni lyst ledig for tredje gong.

Kompetanseproblem

Ødegaard manglar den formelle kompetansen for jobben. Han er ikkje jurist. Ingen ikkje-jurist har hatt jobben tidlegare. Og sidan PST-sjefen er tillagd påtalekompetanse i Oslo, vil han ikkje kunne fylle stillinga fullt ut. Ei «ordning» med å gje påtalekompetansen til nestleiaren i PST, blir rekna som «lite heldig».

— Eg likar meg i utfordrande stillingar. Og eg synest dette er eit veldig interessant fagfelt.

Slik forklarar Jørn Holme overfor Bergens Tidende kvifor han har søkt stillinga som sjef for PST.

Holme gjekk av som statssekretær i Justisdepartementet for ein månad sidan, etter drygt to og eit halvt år som næraste medarbeidar til justisminister Odd Einar Dørum (V).

Konkurransen

Dagen etter skreiv BT at Holme truleg ville bli den nye sjefen i PST. Sjefsjobben har stått ledig i eitt år etter at Per Sefland slutta i fjor sommar. Jobben vart lyst ledig for vel 14 dagar sidan. Det var tredje gongs utlysing etter at ingen av søkarane ved dei to første utlysingane fall i smak i Justisdepartementet.

Utanom Holme og Ødegaard er det også tre andre søkarar til stillinga. Ein av dei er politimeister Per Kleverud, som også søkte sist stillinga vart lyst ledig. Ein annan søkar er Rune Grundekjøn, som er spesialrådgjevar i Kredittilsynet. Den tredje søkaren er ei 40-årig arbeidsledig frå Oslo.

Det vil vere overraskande om nokon av desse søkarane skulle danke ut Holme både ut frå bakgrunn og praksis og korleis det politiske systemet fungerer.

— Då sjefsjobben i PST nå vart ledig, fann eg ut at denne stillinga verkar interessant, spesielt det å arbeide med å førebygge og avdekke terrorisme. Både leiarutfordringane, saksfeltet og at dette er ein såpass internasjonalt orientert institusjon gjer dette til ein interessant jobb, seier Holme.

<b>VIL BLI PST-SJEF:</b> Jørn Holme har permisjon frå stillinga som førstestatsadvokat i Økokrim, og ligg godt an i løypa til å bli ny PST-sjef. ARKIVFOTO: JON EEG, SCANPIX