Erfaringsvis kan ein influensaepidemi vare inntil to månadar. Så langt har vi berre gjort unna tre veker, og dermed kan årets influensa bite seg fast til langt ut i romjula.

— Ein del må nok rekne med influensa både i julestria og julehelga, stadfestar forskar Olav Hungnes ved Folkehelseinstituttet overfor BT.

— Eit visst håp er det jo at mykje er overstått før den tid. På den andre sida er det ikkje mange vekene igjen til jul.

Trøkket kjem

I nokre bydelar og bygder på Vestlandet har virusinfeksjonen sendt halve barnehagar og skuleklassar til sengs.

Andre, derimot, har ikkje merka noko til epidemien. Men berre vent.

— På Vestlandet vil det alltid vere ein del forskjellar frå fjord til fjord. Nokre stader kan gå klar, men får ein tilsvarande hard trøkk når utbrotet endeleg kjem, seier Hungnes til BT.

Det er store lokale forskjellar frå bygd til bygd, frå by til by, i Hordaland og Sogn og Fjordane.

På sjukehusa i Odda, Stord og Førde har dei så langt merka lite til influensaen, mens tempoet i Lærdal er langt høgare enn vanleg om dagen.

— Etterspørselen etter lege har auka med nær hundre prosent den siste veka, seier leiar for Legevaktsentralen i Indre Sogn, Albert Olaf Fedje.

Tørkerull under armen

På Voss sjukehus er svært mange eldre pasientar blitt innlagde dei siste vekene, fordi dei har utvikla lungebetennelse som følgje av influensa.

— Dagleg får vi framleis inn mange pasientar med influensa. Ingenting tyder på at vi har sett enden enno, fortel avdelingsoverlege Frode Bergo.

Store lokale forskjellar finst også innanfor bompengeringen i Bergen. Bergens Barneasyl har til no gått klar av årets influensaepidemi.

— Bank i bordet, seier styraren til BT.

Men berre nokre få kilometer unna, i barneparken i Nygårdsparken, har sjukefråværet vore dramatisk den siste tida.

— Vanlegvis er det femten barn her, men førre veke var vi heilt nede i to-tre barn om dagen, fortel Kari Johansen.

— Det er heilt utruleg som eg tørkar snørr om dagen. Eg går med tørkerullen under armen heile tida.

Full rulle hos legen

I Den Internasjonale barnehage på Damsgård var halve barnehagen vekke førre veke.

— Ungane er begynt å kome tilbake, men no er mange av personalet blitt sjuke, fortel styrar Pauline Castillo.

Mange febersjuke bergensarar hamnar på Legevakten i Bergen. Dei siste tre vekene har personalet verkeleg fått merke at influensaen «går» i byen.

— Førre veke registrerte vi 128 tilfelle. No er også dei tilsette begynt å bli sjuke, seier legevaktsjef Frank van Betten til BT.

Også fleire av dei som jobbar på Sogndal legesenter er no blitt sjuke. Venterommet der har vore ein svært populær samlingsstad i vekevis.

— Ja, det skal eg love deg. Det har vore heilt utruleg fullt her inne, seier kommunelege i Sogndal, Per Stensland, til BT.

— Og alle har influensa?

— Iallfall er det ein skikkeleg smittsam luftvegsinfeksjon - det vi kallar influensaliknande sjukdom.

- Vi tåler dette!

— Kva seier de til pasientane?

— Det vi alltid seier: At når dei først er nede for teljing, må dei prøve å gjere det beste ut av det. Dei må drikke rikeleg, og bruke Paracet om nødvendig. Eldre og folk med alvorlege, kroniske sjukdomar må vere på vakt, seier Stensland.

— Men influensa er eit normalfenomen på denne tida av året. Dei aller, aller fleste av oss tåler godt ein influensa.