Han såg Vestlandsrevyen måndag og vart imponert over politisk rådgjevar Alfred Bjørlo sin «orddrill etter så kort opplæringstid i departementet». Bjørlo forsvarte at ekspressbussane skal betala både klima— og vegavgift, medan tog som bruker straum ikkje har utslepp.

Mo viser til at ineffektive tog bruker opp vasskraft, som er ei mangelvare, slik at andre må bruka olje, og ureina lufta.

Han påtalar også at Bjørlo unnlet å nemna dei løynde subsidiane til NSB. Reelt kostar det staten to kroner at ein person reiser ein kilometer med tog, mot 2-3 øre med buss, hevdar Mo. Vegane er brukarbetalte gjennom særavgifter og bompengar for personbilar og store lastebilar.

Bussen kan nytta ut ledig kapasitet på vegen til marginalkostnadsprinsippet til liks med gods på jernbaneskinnene, og til ein promille av kostnadene.

Likevel vil staten kreva dieselavgift for ein busspassasjer til dømes på strekninga Måløy-Oslo, medan ein tilsvarande lang togtur ville gitt 1200 kroner i meir eller mindre dårleg løynde subsidiar, det aller meste til fordel for Oslo-området, hevdar Mo.

Andre har reagert på det Bjørlo sa om skilje mellom ekspressbussar og lokalbussar, der sistnemnde ikkje skal betala avgift. Overfor Bergens Tidende vert det påpeika at mange ekspressruter er oppretta ved å lenka saman ei rekke lokalbussruter på delstrekningar langs ruta. Ekspressbussane har såleis ein svært blanda trafikk. Nokre passasjerar reiser på endepunkt til endepunkt, andre stig på eller går av på knutepunkt undervegs, medan ei tredje gruppe er med på svært korte strekningar, heilt ned til minstetakst.