Dette var bodskapen til statsminister Jens Stoltenberg då han i går, på dagen eitt år etter regjeringsdanninga, presenterte resultatet etter eitt år i kompaniskap med Kristin Halvorsen (SV) og Åslaug Haga (Sp). Møtet med pressa vart avvikla i solskin på Soria Moria der regjeringserklæringa såg dagens lys, medan Oslo lå dekt av tung skodde.

Mongstad-milliardar

For å illustrere velviljen sin, fortalde Stoltenberg at han og regjeringa investerer milliardar i teknologi i utviklingsprosjekt. Dette er ifylgje Stoltenberg pengar som kunne vore nytta til andre gode føremål.

Han siktar til investeringa i miljøteknologi for å handtere CO2-utslepp frå gasskraftverket på Mongstad.

Svaret frå Stoltenberg kan ikkje tolkast på annan måte enn at Ap ikkje ville ha brukt pengar på dette prosjektet hadde det ikkje vore for krava frå spesielt SV.

Berre Haga og Sp av dei tre har erfaring frå regjeringssamarbeid med andre parti. Og ho skryt nå uhemma av det ho meiner dei har fått til:

— Oppnår meir

— Vi får gjennomførd uendeleg mykje meir av politikken vår i denne regjeringa enn vi gjorde i Bondevik I-regjeringa. Det er ei anna form for alvor over arbeidet i denne regjeringa. Det kjem av at vi veit at det vi blir samde om i regjering, blir resultatet og blir gjennomførd. I Bondevik I-regjeringa vart framlegga våre ofte endra av Stortinget.

Stoltenberg vil ikkje snakke om «blanke sigrar» for nokon av partane i regjeringa. For det ville innebere at andre må «tape». I staden er det forhandlingar og samarbeid som endar i «syntese», eit resultat på høgare nivå.

Her er Stoltenberg heilt på line med forgjengaren, Kjell Magne Bondevik. Også han var særs på vakt mot at nokon av partane skulle oppleve «sigrar» som påførde nokon «tap». Mottoet var at alle skulle kjenne seg som vinnarar.

- Framfor skjema

Dette var også omkvedet då dei parlamentariske leiarane i dei tre regjeringspartia i går heldt si eiga oppsummering i statsrådssalen på Stortinget.

— Vi ligg litt framfor skjema, når det gjeld oppfylling av Soria Moria-erklæringa, kunngjorde Hill-Marta Solberg (Ap). Ho avslørte at ho i oppveksten var ivrig til å notere rundetider frå skøytebanen.

SV sin parlamentariske leiar, Inge Ryan, kunne for sin del opplyse at det hadde gått «mykje lettare i regjering enn det han hadde venta». Han viste til at han sjølv har røynsle frå samarbeid i kommunepolitikken og at striden i eige parti om eigne standpunkt kunne innehalde vel så harde drakampar som det han har opplevd i regjeringsposisjon.

Han er lite begeistra for diskusjon om «munnkorg» og meiner det er heilt legitimt at partifeller har eigne utspel om politiske spørsmål som skaper debatt.

Krevjande

Både Solberg, Ryan og Magnhild Meltveit Kleppa, som er parlamentarisk leiar i Sp, vedgår at dei har krevjande roller som bindeledd mellom regjeringa og stortingsgruppene. Det tek tid å lære og venje seg til desse utfordringane.

Det er ein ny situasjon både for regjeringa, regjeringspartia og for Stortinget. Landet har ikkje hatt fleirtalsregjering etter stortingsvalet i 1985, før i fjor.

Oppgåva er å levere fleirtal for regjeringa sin politikk, men det krev at politikken har forankring i stortingsgruppene. Føresetnaden er god kommunikasjon og at stortingsgruppene blir informert og involvert.

Det kan vere litt av ei utfordring i sensitive saker, der berre ytterst få kan bli informert.

«Gisselfunksjon»?

Dei parlamentariske leiarane vedgår det. Mangel på informasjon har skapt problem. Dei avviser likevel at dei kan hamne i ein «gisselfunksjon» mellom regjering og stortingsgrupper.

For å dempe problema har storfraksjonane på Stortinget, representantane for alle dei tre gruppene i dei ulike fagkomiteane, fått ei heilt sentral rolle. Her møter den politiske leiinga i departementa, regjeringspartia sine medlemer i dei motsvarande fagkomiteane.

— Det var nok ikkje alle statsrådane som var heilt budd på dette, konstaterer Kleppa.

Framlegget til endringar i sjukelønsordninga er det beste dømet på ein type sak som har skapt problem. Den møtte ein storm av protestar, også frå regjeringspartia sine representantar på Stortinget som ikkje ville fungere som «stemmekveg».

— Inga regjering er perfekt. Noko har gått litt for fort. I sjukelønssaka vart det utøvd mykje sjølvkritikk. Den tida må nå vere over, vonar Inge Ryan.

Larsen, Håkon Mosvold