Så seint som i mai i år køyrer Forsvarsstaben i brev til obersten fram Militærpolitiet som brekkstong for å legge press på obersten. Forsvaret krev utbetalt om lag 1,5 millionar kroner.

— Fullstendig forkasteleg

— Bruk av militærpolitiet i denne saka er fullstendig forkasteleg, seier leiaren i Norges Offisersforbund, Peter A. Moe.

Saka har bakgrunn i ein sivilrettsleg tvist der Forsvaret einsidig trekte seg frå ein avtale som var inngått mellom obersten og hans private firma på den eine sida og Forsvaret ved Forsvarsmuseet på den andre sida.

I august 2004 inngjekk dei to partane avtale om at den pensjonerte luftforsvarsobersten, skulle freiste å skaffe eit fly av typen C-119 G Flying Boxcar til flymuseet på Gardermoen.

— Dette er det einaste flyet som museet på Gardermoen manglar av dei transportflya Forsvaret har nytta etter krigen. Det har difor vore særleg interesse for å skaffe dette flyet, som vil gjere flysamlinga komplett, fortel Roar Glenne. Han er pensjonert major og var i 20 år leiar for flymuseet.

Beltevogner mot fly

Finansieringa skulle skje ved at Forsvaret avhenda 20 beltevogner av typen BV-206. Obersten fekk oppdraget med å gjennomføre transaksjonane.

I 2006 ombestemmer brått Forsvarsmuseet seg etter å ha fått ny sjef. Utan å gå i forhandlingar med avtalepartnaren, obersten, kansellerer Forsvaret einsidig flyprosjektet. Det skjer etter at beltevognene er selt.

Grunnen skal vere at nokon i Forsvaret oppdagar at beltevognene er selt og at pengane for salet ikkje står på Forsvaret sin konto, men på ein privat konto som obersten disponerer. Det blir også argumentert med at føresetnaden skal ha vore at beltevognene vart bytt direkte med den som hadde eit fly å tilby.

Forsvaret startar så ein prosess for å krevje å få pengane overførd frå obersten. Her gjer dei bruk av militærpolitiet. Og i oktober 2007 melder Forsvaret obersten til politiet.

- Skrivebordsteori

— Men både obersten og vi som har arbeidd med å skaffe fly og andre objekt til forsvarsmusea, veit at det er uråd å bytte objekt på denne måten. Ein må alltid gå vegen om og konvertere til pengar, ved at ein realiserer verdien av bytteobjektet, får pengane på konto og så kjøper det objektet ein er ute etter når høvet byd seg. Her må ein handle når høvet byd seg. Å bytte direkte er rein skrivebordsteori. Vi veit også at om pengane i ein slik transaksjon hamnar på ein konto i Forsvaret, kan museet berre vinke farvel til pengane og flykjøp, seier Glenne.

— Forsvaret er nå prega av blåruss. Dei har øydelagt fullstendig for musea. Det har ført til at alle forsøk på å skaffe nye objekt til musea har stoppa heilt opp, legg han til.

- Uhøyrt bruk av MP

Han er rysta over at militærpolitiet er blitt brukt i saka mot obersten og fortel at han sjølv er blitt avhøyrd av militærpolitiet i denne saka.

— Det er uhøyrt å bruke militærpolitiet i ei slik sak, seier Glenne.

Glenne opplyser at han også etter at han vart pensjonert og slutta i Forsvaret, er blitt oppsøkt og avhøyrd av militærpolitiet i ei anna sak.

Leiaren i Noregs Offisersforbund, Peter A. Moe, meiner obersten og fleire andre eldsjeler som har vore engasjert i saka er blitt utsett for nedverdigande behandling som Forsvaret ikkje kan kjennast ved.

— Det er også svært spesielt at nedlegginga av prosjektet har ei grunngjeving som få kan forstå eller akseptere. Bandvognene var stilt til disposisjon og øyremerkt for å skaffe dette transportflyet for å komplettere flysamlinga. Obersten og eldsjelene hans omsette vognene og sikra midla, og prosjektet ville ikkje på nokon måte belaste Forsvarsmuseet sine budsjett, seier Moe.

Forklaringa

Forsvarssjefen sin talsperson, avdelingsdirektør Birgitte Frisch, hevdar at det er militærpolitiet som avdekka dei forholda det er tvist om. Ho uttalar at saka framkom under etterforsking av ein offiser og at MP har i oppgåve å førebygge og avdekke lovstridige forhold i Forsvaret.

— Dette er grunngjevinga for bruken av MP i denne saka, seier Frisch. Forsvaret har ikkje kommentarar ut over dette.

- NEDVERDIGANDE BEHANDLING: - Det er forkasteleg å bruke militærpolitiet i ei sak som dette, seier leiaren i Norges Offisersforbund, Peter A. Moe, om at militærpolitiet blir brukt for å presse ein for lengst pensjonert oberst.