EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.no Klokka var 19.50 den 19. januar då det igjen gjekk gale på ei Norsk Hydro-plattform: Eit fleire hundre kilo tungt sju toms ftringsrøyr losna, sklei ut gjennom røyrheisen og fall ned på ei gangbru for arbeidarar på Oseberg B-plattforma. Til alt hell var det ingen arbeidarar i nærleiken som kunne bli treft. — Det ville heilt klart vore farleg dersom nokon hadde vore i nærleiken av røyret, seier informasjonsdirektør Tor Steinum i Norsk Hydro. Nestenulykka er innrapportert som "alvorleg tilløp" til Oljedirektoratet (OD). Ein gjengangar Uhellet hende berre snautt fire veker etter at servicemannen Stian Grønningen (31) omkom på Oseberg Øst-plattforma julaftan i fjor.Også dødsulykka skjedde under ein løfteoperasjon. Grønningen vart treft av sju produksjonsrøyr som skulle flyttast med kran på røyrdekket.- Hendinga 19. januar føyar seg inn i rekka av uhell med fallande gjenstandar på plattformene, seier informasjonssjef Jan Hagland i Oljedirektoratet.Direktoratet ga Norsk Hydro knusande kritikk etter dødsulykka på Oseberg Øst. ODs gransking avdekte omfattande brot på reglar, prosedyrer og rutiner, og granskarane meinte også å ha funne ein ukultur der brot på reglane vart akseptert. Firedobling på fem år - Slike løfteuhell kan lett føre til store skader, og utgjer størstedelen av dei innrapporterte nestenulykkene, seier informasjonssjef Hagland. OD har difor gått i gang med å analysere 11.000 løfteoperasjonar for å finne dei kritiske punkta der det oftast går gale.Det vart i fjor innrapportert totalt 514 nestenulykker på norsk sokkel. Det er nesten ei firedobling sidan 1996. - Mislikar det sterkt Norsk Hydro stod for 138 av nestenulykkene i fjor. Hittil i år har selskapet registrert elleve slike hendingar, ei av dei med mindre personskader som resultat.- Aktiviteten i Nordsjøen er stor, og at vi fekk dette uhellet på Oseberg B i januar er ikkje spesielt dramatisk, sjølv om vi mislikar det som har hendt sterkt, seier informasjonsdirektør Tor Steinum.Norsk Hydro er pålagt å gå igjennom all aktiviteten sin på sokkelen etter ulykka der Rune Grønningen omkom, og har sett ned sju grupper som skal arbeide med å betre tryggleiken.Norsk Hydro er også sett under politietterforsking etter dødsulykka. Så langt har kranføraren status som mistenkt i saka.