VIDAR YSTADOslo

Det mest omfattande materialet, magnetbanda med kopiar av harddiskane i tre av PC'ane, får POT ikkje tilgang til.

Dette avgjorde Oslo forhøyrsrett i går. Avgjerda føyer seg inn i mønsteret frå tidlegare avgjerder: POT får lovleg tilgang berre til ein brøkdel av materialet dei tok med seg under ransakinga i Brussel 4. november 1999.

POT blir nekta tilgang, anten fordi materialet ikkje kan tene som bevis, eller fordi kjeldevernet, vernet om journalisten sine kjelder, slår igjennom.

– Det er ytterst lite av materialet i beslaget som POT får tilgang til. Det vesle dei har fått tilgang til, trugar ikkje kjeldevernet, slik Stavanger Aftenblad oppfattar situasjonen, seier advokat Hans Stenberg-Nilsen. Han er advokat for Stavanger Aftenblad som saman med Viksveen er part i beslagssaka.

Byrettsdommar Truls Lie har saman med ekspertar frå Økokrim gjennomgått alt materialet. Retten har ikkje funne konkrete haldepunkt for nokon form for kontakt mellom Viksveen og tidlegare Stasi-representantar i dette materialet.

Etter den nye avgjerda får berre påtalemakta tilgang til tre diskettar av i alt 34, i tillegg til 18 papirutskrifter av einskilddokument.

Ikkje noko av materialet blir utlevert før kvar at partane har hatt høve til å påkjære.