Nå blir det opp til Borgarting lagmannsrett å avgjere om siktinga gjev grunnlag for varetektsfengsling. Og etter nederlaget i går vedgjekk førstestatsadvokat Erling Grimstad i Økokrim at ein alvorleg må vurdere å innstille heile etterforskinga i saka, om lagmannsretten kjem til same resultat som tingretten.

Fullstendig nederlag

Tingrettsdommar Hans Bloch-Hoel, som har solid bakgrunn både frå domstolen og påtalemakta, fann ikkje skilleg grunn til å mistenkje Krekar etter siktinga som dreier seg om medverknad til forsøk på drap.

Økokrim leid dermed eit fullstendig nederlag. For å hindre at Krekar vart sett fri, fann aktor, førstestatsadvokat Erling Grimstad, det naudsynt å opplyse retten om at Oslo tingrett har avsagt to til nå hemmeleghaldne avgjerder som meiner det er skjelleg grunn til mistanke mot Krekar for dei same forholda som i går vart underkjend. Tingretten gjekk etter dette med på at Krekar blir sitjande.

Hemmeleghald om avlytting

Grimstad vil ikkje gå i detalj om innhaldet i desse avgjerdene. Men til Bergens Tidende opplyser han at det dreier seg om tvangsinngrep. Den eine vart avsagt 4. november, den andre 22. desember. Tingretten har akseptert at avgjerdene kunne haldast hemmeleg for Krekar og forsvarar Brynjar Meling fram til 27. januar.

— Bakgrunnen for det, er ei taktisk etterforskingsmessig vurdering, seier Grimstad.

Men nå må han likevel offentleggjere både at avgjerdene finst og gje forsvararen innsyn i samband med at avgjerda frå i går, blir påkjæra til lagmannsretten.

Begge avgjerdene gjeld, etter det Bergens Tidende forstår, telefonavlytting og annan kommunikasjonskontroll av Krekar.

Strålande fornøgd

Advokat Meling seier at han er strålande fornøgd med avgjerda til tingretten som underkjende bevisvurderinga til Økokrim.

Han seier at han legg liten vekt på dei to avgjerdene frå tingsretten som han ikkje har sett. Han viser til at dette er avgjerder som er fatta utan at forsvaret har fått uttale seg, det vil seie utan at det grunnleggjande kontradiksjonsprinsippet er fylgt.

— Det er også verd å poengtere at i alle dei avgjerder som er fatta av retten i saka mot Krekar, der forsvaret har fått uttale seg, har vi fått medhald, seier Meling.

Tidde som vitne

11. desember møtte førstestatsadvokat Erling Grimstad som vitne i den private straffesaka som mulla Krekar har reist mot Carl I. Hagen. Grimstad, som leier etterforskinga mot Krekar, ville som vitne, ikkje gje nokon opplysningar om siktinga. Han sa at siktinga var hemmeleg og at han ikkje var løyst frå teieplikta si. Grimstad stod på sitt også etter at advokat Brynjar Meling hadde opplyst i retten at møtande aktor hadde lese opp heile siktinga i ope rettsmøte i mai.

Grimstad si haldning kan ein lettare forstå i dag ettersom vi nå veit at Grimstad hadde utferda ei ny sikting mot Krekar allereie 30. oktober. Korkje Krekar eller forsvararen hans, advokat Brynjar Meling, var kjent med den nye siktinga. Det vart dei først fredag 2. januar etter at Økokrim pågreip Krekar og ransaka bustaden hans.

Siktinga

Den nye siktinga gjekk ut på at Krekar skal ha medverka til forsøk på drap i Nord-Irak. Dette skal ha skjedd ved at Krekar skal ha gjeve ordre om to sjølvmordsaksjonar medan han var i Irak i 2001-2002. Det er kjent at Økokrim sist haust var i Irak for å avhøyre mogelege vitne mot Krekar. Heller ikkje det ville Grimstad uttale seg om då han møtte i Oslo tingrett 11. desember.

Fleire kjelder hevdar overfor Bergens Tidende at den amerikanske etterretningsorganisasjonen CIA la opp opplegget og var «reiseleiar» for Økokrim i Irak.

I avgjerda frå tingretten i går, går det fram at Økokrim i oktober i fjor avhøyrde ein 17-åring og ein 20-åring om handlingar dei skal ha vore med på på oppdrag frå Krekar si gruppe, Ansar al-Islam.

Begge sit arrestert av PUK, Kurdistans Patriotiske Union. Dei har sete varetektsfengsla hjå PUK sidan dei vart arrestert i 2002. PUK ligg i krigsliknande konflikt med Ansar al-Islam, organisasjonen som mulla Krekar har vore leiar for.

Store problem

Vitneforklaringane som ligg til grunn for den nye siktinga mot mulla Krekar, reiser ei rad vanskelege spørsmål. Det er det Oslo tingrett har slege ned på.

Kor truverdige er forklaringar frå personar som sit fengsla, sikta for forsøk på terrorisme?

Kva slags forhold og vilkår sit slike vitne fengsla under? Kan dei forklare seg fritt utan å risikere sanksjonar eller represalie mot seg sjølv eller nærståande?

Kor uavhengige er dei domstolane som slike vitne eventuelt vil måtte forklare seg for dersom dei skal førast som vitne i ei mogeleg straffesak mot Krekar?

SMILTE: Mulla Krekar (47) var som vanleg tilsynelatande i godt humør då han i går møtte i fengslingsmøte. <p/> FOTO: SCANPIX