— Vi skal ha fine klede, men ikkje bunad, fortel borna ved Voss barnehage.

Rim og regler

Dei gler seg veldig til vitjinga, og øver seint og tidleg på regler som skal framførast:

- Datt du ned, du? Slo du deg du? Fòr du idla med røve' di, du? Talekoret står på den grøne grasflekken, akkurat der dei skal stå når kronprinsparet skal høyra dei. Då får dei 19 borna ved Voss barnehage som ikkje er på ferie, forsterkning av 17 frå Skulestadmo barnehage.

FOTO: CLÉMENT ALLARD

Øvinga går greitt. Regla om reven, rotto og grisen, går unna med god flyt. Sulla meg litt, du mammo mi , likeeins. Framføringa skal avsluttast med Bringebærslåtten.

For kronprins Haakon er snarturen innom den vesle raudmåla stova ved Voss Tinghus eit glytt attende til barndommen. Her leika han og storesøster Märtha medan foreldra prøvde slalåmskiene i Bavallen.

Manglar bindestrek

På Vetleflaten Omsorgssenter var det køordning hjå frisørdamene i går. Ingen vil stilla uflidde på håret når dei kongelege kjem innom for å helsa på bygda sine eldre, før ferda går vidare til Hardanger.

Men Mette Marit (utan bindestrek) Stark kjem til å halda seg i bakgrunnen.

— Det er styraren, Astrid Remme som skal ta imot, seier den pleiefaglege leiaren, med dei svært så aktuelle fornamna, til Bergens Tidende.

Vaktmeister Nils Frode Bolstad har planta, spylt, vaska, og sett opp nye askebeger - til pressefolka altså, legg han forklarande til.

Nedtrakka sneipar vil han ikkje sjå, korkje inne eller ute. Også naboen, Udlabua (Norsk Kjøtt sin ullstasjon), har spandert frisk bark og nye plantar framfor veggen som for ei tid sidan fekk eit sårt tiltrengt strøk med måling.

Sjauing

I barnehagen er femtenåringane Gøran Myster Hope og Sigurd Jensen utkalla frå Prosjekt Sommarjobb til å spyla asfalten. Ein ekstra gul og gild spyleslange frå Tinghuset gav ekstra trykk og vassmengd.

Framfor Friluftsscena på Prestegardslandet har gutelaget til IL Ørnar fått dugnadsjobb med å setja ut stolar, for deretter å reisa fleire partytelt nedanfor Park Hotell Vossevangen. Her reiser Voss Bygdeservice (bøndene si entreprenørverksemd) eit grindbygg.

— Vi skal ha tett tak og kledde gavlar øvst, men elles skal det vera fritt innsyn, for her skal kløvhesten, den mykje omtala gåva frå Voss kommune, overleverast, røper Geirr Fagnastøl, som har oppsynet.

Høg stressfaktor

Anders Gjøstein i prosjektleiinga brettar ut teikningar, strekkjer målbandet og påviser kvar alt skal plasserast.

— Vi har skaffa 300 stolar i tillegg til hotellet sine 200, så her skal bli plass til 500 sitjande når tradisjonsrik Vossamat skal smakast, seier han, men legg raskt til at han ventar langt fleire. Sitjeplassane er helst for dei som er dårleg til beins.

Prosjektleiaren sjølv, kulturleiar Gunnar Dagestad, er tilsynelatande roleg, men vedgår at han kanskje gapte litt for høgt då han tok på seg rolla som presse-rettleiar i tillegg til å halda styr på alle dei andre detaljane.

— Heldigvis reiste rådmannen innover til Oslo for å ta seg av pressefolk undervegs i toget.

Styrar Sølvi Løne Lemme ved Voss Barnehage kjem styrtande med nyinnkjøpt dørhandtak og ein spegel. På ein dag som i dag vil ho ikkje risikera at nokon står att med halve dørklinka og ei dør som ikkje let seg opna.

— Kvilepulsen er heilt fin, påstår ho, timar før kronprinsen sitt gjensyn med barnehagen.

Etikette

Ordførar Bjørn Christensen hevdar at det same gjeld for han. Men han er såpass stressa at han prøver å låsa bildøra med mobiltelefonen.

— Eg har fått beskjed av fylkesmannen om å tiltala kronprinsen med «Dykkar kongelege høgheit», men eg likar det ikkje. Slikt er ikkje skikkeleg nynorsk. Eg trur eg ringjer og spør om lov til å seia «vyrde kronprins», seier Christensen til Bergens Tidende.

— Oddvin Egge fekk lov å seia «høgvyrde kronprins» til faren hans i Bavallen på 70-talet ...

— Eg likar ikkje det heller. Eg må ringja. Det går ikkje an å seia «høgheit» på Voss!

Ordføraren er alt på veg inn i Tinghuset.

— Stressa?? Eg, nei! Berre det blir fint vêr ...

Det får bli prosten si oppgåve. Knut A. Knudsen har visstnok ingen problem, korkje med kvilepuls eller etiketten, men vil neppe ha dyvåte kongelege inn i Vangskyrkja når heilagdomen skal presenterast.