— Eg fann ut at det ville bli svært mykje arbeid dersom eg skulle lære meg godt nok bokmål til å klare testen. Eg kom til at det rett og slett ikkje var verdt det, seier 33-åringen om vurderinga han gjorde i fjor.

Arvind underviser i jus ved universitetet i York i England. Han er tamil, hadde oppveksten sin i India, og har aldri budd i Noreg.

Men kona, Rannveig Mossige Thattai, kjem frå Jæren. Ho brukte nynorsk, og difor valde Arvind det same då han ville lære seg norsk.

Klassikarane

Den tamilske nynorskbrukaren har aldri angra på valet.

— For meg er det ikkje vanskeleg å forstå ulike norske dialektar. Eg trur årsaka er at eg lærte nynorsk, sa Arvind då han blei intervjua av fleire aviser i fjor vår.

Thattai valde å stå offentleg fram fordi han opplevde at dagens praksis inneber ei forskjellshandsaming av nynorsk- og bokmålsbrukarar.

Arvind Thattai er bortimot sjølvlært som nynorskbrukar. Nynorskopplæringa starta han med å leite etter lærebøker i nynorsk på engelsk. Han fann ei, skriven av ein norskamerikanar. Dermed var han i gang.

— Det var ei bok som var nokre år, så nynorsken i den var ganske gammaldags, fortel han.

Seinare blei dei nynorske klassikarane viktige læremeistrar. Arvind las Garborg, Vinje og Vesaas.

Eit vakkert språk

— Det tok meg fem år å lære språket skikkeleg. Dei to første åra var tunge. Men så tok det til å gå lettare, fortel han.

No gjer den norske familien at han held kunnskapane ved like. Han held dessutan Dag og Tid, og har framleis stor glede av å lese dei store nynorske forfattarane. Han oppdaterer seg dessutan via nettaviser som brukar nynorsk, mellom dei bt.no.

— Men eg les også ein god del skjønnlitteratur på bokmål, svensk og dansk. Men eg må seie at eg syns nynorsk er eit svært vakkert språk.

Urettferdig

Når han i fjor på denne tid undersøkte sjansane for å ta Bergenstesten, var det fordi han tenkte på å flytte til Noreg med kona og den då eitt år gamle dottera Siri.

— Kona mi hadde veldig lyst heim. Eg tenkte at det ville vere lettare for meg å få jobb, dersom eg kunne dokumentere norskkunnskapane mine.

Men slik blei det ikkje. Arvind fekk sjå eit døme på Bergenstesten, og konkluderte med at den slett ikkje var enkel. Familien har valt å bli buande på dei britiske øyane nokre år til.

— Eg såg fort at eg ville måtte ha jobba mykje med bokmål, om eg skulle greidd testen. Men eg har jobba mykje for å lære meg godt nynorsk, og veit ikkje om eg har lyst til å bruke tida som trengst for å lære bokmål.

TOK IKKJE TEST: Nynorskbrukar Arvind Thattai såg at det ville krevje mykje studiar i bokmål for å stå på Bergenstesten. Han synest det er urettferdig at testen berre finst på bokmål så lenge dei to skriftspråka er jamstelte. FOTO: PRIVAT