Kundesenter
Kundesenter

Nynorsk taper terreng

Det blir stadig færre elevar med nynorsk som hovudmål. Dei vestnorske nynorskfylka er ikkje noko unntak.

Del på e-mail Del på e-mail Del på Facebook Del på Nettby Del på andre nettsteder

- Vi som er glade i nynorsken må innsjå at mange tenkjer at framtida ligg i bokmålet. Dette er ei utvikling vi må greie å snu, seier leiar for Norsk Målungdom, Jens Kihl.

For utviklinga er eintydig. Ikkje berre er delen elevar som har nynorsk som hovudmål i grunnskulen, fallande. Også talet på nynorskelevar fell. For medan det dei siste ti åra er blitt 41.000 fleire elevar med bokmål som hovudmål, er det blitt over 6000 færre med nynorsk.

Berre det siste året er talet på nynorskelevar falle med 2000. Det fortel tall frå Grunnskolenes informasjonssystem (GSI).

Motgang over heile linja
Sjølv om leiaren for målungdommen er oslogut, finn han støtte for målsaka vestpå. For det er på Vestlandet nynorsk har stått og står sterkt.

Nesten 9 av 10 nynorskelevar i landet går på grunnskule i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane eller Møre og Romsdal. I alle fire fylke har bokmål «stole» marknadsdelar dei siste 10 åra.

Frå 1999 til 2008 er det blitt nesten 11.000 fleire bokmålselevar, i same tidsrom har talet på nynorskelevar falle med over 3000.

Flest nynorskelevar i landet finn vi i Hordaland, men også her er tendensen klår. I 1992 var det nynorskfleirtal i fylket. No har seks av ti hordalandselevar bokmål som hovudmål.

Facebook og Windows
- Det er klårt det er alvorlege tal. Det er veldig trist dersom dette nærmast blir sett på som eit prov på at nynorsken ikkje har framtida for seg, seier Jens Kihl.

For nedgang i talet på nynorskbrukarar i skulen til trass, målrørsla har vind i segla, meiner Kihl, og viser til fleire symbolsigrar dei siste åra.

- I haust kom ein utanlandsk kinofilm med nynorsk tekst for første gong på 23 år, Facebook kom på nynorsk i sommar, Windows leverer meir av standardpakkene sine på nynorsk, seier Kihl.

Internt i målrørsla er det fleire som har trua på nynorskens framtid no enn for nokre år tilbake, meiner leiaren for målungdommen.

- Tidlegare var det ein del som nesten meinte vi kunne pakke saman og gi opp. Sånn er det ikkje no lenger, seier Kihl.

Demografi og politikk
Nynorskens største utfordring er busetjings- og flyttemønsteret, meiner Jens Kihl

- Det er først og fremst demografien som taler mot oss. Folk flyttar frå nynorsk- til bokmålskommunar, seier Kihl.

- Det må ein i første rekkje sjå i samanheng med mangelen på ein kraftfull distriktspolitikk. Det er neppe på grunn av nynorsken dei flyttar.

Kihl meiner mangel på tilrettelegging i skulen er ei anna forklaring.

- Det er mange utfordringar i skulen på dette feltet. Når det manglar lærebøker, og elevane får lærarar som ikkje er i stand til å undervise på elevens hovudmål, er det ikkje rart dersom mange vel bokmål, seier han.

Vise dei gode eksempla
Ansvaret for å snu utviklinga må politikarane bere, både lokalt og nasjonalt, meiner Norsk Målungdom.

- Mykje ligg i sjølve opplæringa. Får elevane god opplæring, gode lærebøker og lærarar som både er stolte av og gode i målforma sin, vil det bety mykje, seier Kihl.

Mållaget og nynorskbrukarar må også gjere sitt, meiner han.

- Vi må vere flinke til å vise fram gode førebilete og gode eksempel, seier Jens Kihl.

- Vi må vise at det går an å gjere karriere på alle nivå og i alle sektorar, også med nynorsk.

Kva meiner du om at stadig færre elevar har nynorsk som hovudmål? Legg inn dine kommentarar under!

Del på e-mail Del på e-mail Del på Facebook Del på Nettby Del på andre nettsteder

Siste Kommentarer

Diskuter: Nynorsk taper terreng

Trist lesning dette, men kanskje det er på tide å ...Les mer

Diskuter: Nynorsk taper terreng

Eg har inntrykk av at det er fleire som held på ny...Les mer

Diskuter: Nynorsk taper terreng

Dette er en bra utvikling. Nynorsken er i mine, og...Les mer
Kundesenter

Diskuter: Nynorsk taper terreng

Siri 05. jan, 00:48
Det at Ivar Aasen fant å reise rundt og studere dialekter og samle dette i et sammensurium som vi i dag kjenner som nynorsk, mener jeg at er det største tapet for det norske språket. Alle språk utvikler seg, og dette hindret vårt i å utvikle seg naturlig. Det er i dag rundt 10% som skriver nynorsk mens 80% av landets befolkning snakker en eller annen form for dialekt. Så hadde det ikke vært for nynorsken, hadde dialektene hatt en større innvirkning på språkets utvikling. Kanskje hadde det blitt mer tilnærmet nynorsk helt av seg selv.

Diskuter: Nynorsk taper terreng

kalle 05. jan, 04:47
Ny norsk var bortkastet tid å lære. La de som vil lære nynorsk få gjøre det i disse små vestlandskommunene. Men ikke la oss andre lide pga deres arroganse. Hadde vi tatt de årene med bortkastet nynorsk og heller undervist i tysk eller lignende så hadde vi hatt en mye større nytteeffekt.
Men politikerne er redde disse små folkene som skriker høyest.

Diskuter: Nynorsk taper terreng

Thor Røer 05. jan, 07:52
Trist lesning dette, men kanskje det er på tide å vurdere om samisk pluss ett norskt skriftspråk til er nok. Mållaget har allikevel så absolutt en oppgave å gjøre med å få opp bruken av dialekter. For det er en sak der virkelig trengs en stor innsats.

Diskuter: Nynorsk taper terreng

Jon Peder Vestad 05. jan, 17:34
Eg har inntrykk av at det er fleire som held på nynorsken sin enn før. Sjølv om talet på elevar med nynorsk som hovudmål går tilbake, så er det færre av dei som blir bokmålsbrukarar enn tidlegare. Det trur eg det finst fleire grunnar til, blant anna at dei nynorske stemmene i samfunnet blir oppfatta som kule og viktige. Vi har Side Brok, Olaug Nilssen, Frode Grytten osv. Det er ikkje så "sjølvsagt" lenger at ein må skifte hovudmål for å vere rekna med. Dessutan er det jo no som før slik at ganske mange av oss bruker båe målformene, alt ettersom. Framtida for nynorsken er ikkje mørk, heller skya - slik det har vore-

Diskuter: Nynorsk taper terreng

Adrian 15. jan, 12:43
Dette er en bra utvikling. Nynorsken er i mine, og mange andres øyne, en kreft i det norske språk. Det er helt ufattelig at man i byer som Oslo MÅ ha spynorskundervisning. Bortkasta tid og kunnskap vi kunne brukt på andre, viktigere ting.

Nynorsk kan eksistere som en dialekt, men ikke dytt det på framtidsretta og uskyldige personer.

Din kommentar



Uregistrert Uregistrerte innlegg modereres

På grunn av tekniske problemer er påloggingsmuligheten tatt bort inntil videre.

Vi beklager dette.

Søk i skattelistene Topplister

Eks: Ola Nordmann

Bilder

  • PÅ VIKANDE FRONT: Det er flest nynorskelevar i Hordaland, men også her er tendensen klår. I 1992 var det nynorskfleirtal i fylket. I dag har seks av ti hordalandselevar bokmål som hovudmål. ARKIV ILLUSTRASJON: GUNVOR RASMUSSEN

3 mest leste artikler »

Hva koster egentlig nabohuset ditt?

Her kan du finne det ut! Prøv vårt boligsøk.

Følg alle skip direkte

Bt.no har mange digitale tjenester. Her kan du følge skipstrafikken i Hordaland minutt for minutt.

Søk i skattelistene

Eks: Ola Nordmann
  • Her kan du gå på ski

    Fortsatt ikke fått nok av snøen? Her er skiløypene i Bergensområdet. Den interaktive oversikten krever at du har Flash installert på datamaskinen.

  • Vann til folket

    Hele byen snakker om vannkrisen, men hva skjer egentlig med vannet før det når kranen din?

Leder

NRK1

  • 06:30 Morgennytt
  • 08:55 V-cup alpint: Storslalåm 1. omgang, menn
  • 10:00 NRK nyheter
  • 10:05 Ut i nærturen
  • 10:20 V-cup alpint: Super-G, kvinner
  • 11:50 V-cup alpint: Storslalåm 2. omgang, menn
  • 12:50 Urter
  • 13:10 Urix
  • 13:30 Filmavisen 1959
  • 13:40 Norge rundt
  • 14:05 V-cup skiskyting: Mixed stafett
  • 15:45 V-cup skøyter
  • 16:45 V-cup hopp
  • 17:40 Oddasat
  • 17:55 Nyheter på tegnspråk
  • 18:00 Førkveld
  • 18:40 Distriktsnyheter
  • 19:00 Dagsrevyen
  • 19:40 Norge rundt
  • 20:05 Lyngbø og Hærlands Big Bang (2)
  • 20:55 Nytt på nytt
  • 21:25 Skavlan
  • 22:25 Sporløst forsvunnet (3)
  • 23:05 Kveldsnytt
  • 23:20 Etter katastrofen (2)
  • 00:10 To rockestjerner - en scene
  • 01:10 Takk Gud, det er fredag! (5)
  • 01:35 Country jukeboks m/chat

NRK2

  • 06:30 Morgennytt
  • 10:00 NRK nyheter
  • 10:05 Distriktsnyheter
  • 11:00 NRK nyheter
  • 11:05 Distriktsnyheter
  • 12:00 NRK nyheter
  • 12:10 Distriktsnyheter
  • 12:45 Oddasat
  • 13:00 NRK nyheter
  • 13:05 Distriktsnyheter
  • 14:00 NRK nyheter
  • 14:05 Jon Stewart
  • 14:30 Aktuelt
  • 15:00 NRK nyheter
  • 15:10 Ingen grenser (1)
  • 16:00 NRK nyheter
  • 16:30 NRK nyheter
  • 17:00 NRK nyheter
  • 17:10 Fotballkrigen (2)
  • 17:40 V-cup hopp
  • 19:00 V-cup skøyter
  • 20:00 Korrespondentene
  • 20:30 Uka med Jon Stewart
  • 20:55 Keno
  • 21:00 NRK nyheter
  • 21:10 Store følelser i kjelkehockey
  • 21:50 Europa - en reise gjennom det 20. århundret (6)
  • 22:30 Napola
  • 00:20 FN - en umulig oppgave?
  • 00:45 Oddasat
  • 01:00 Distriktsnyheter
Lukk vinduet