— Vi som er glade i nynorsken må innsjå at mange tenkjer at framtida ligg i bokmålet. Dette er ei utvikling vi må greie å snu, seier leiar for Norsk Målungdom, Jens Kihl.

For utviklinga er eintydig. Ikkje berre er delen elevar som har nynorsk som hovudmål i grunnskulen, fallande. Også talet på nynorskelevar fell. For medan det dei siste ti åra er blitt 41.000 fleire elevar med bokmål som hovudmål, er det blitt over 6000 færre med nynorsk.

Berre det siste året er talet på nynorskelevar falle med 2000. Det fortel tall frå Grunnskolenes informasjonssystem (GSI).

Motgang over heile linja

Sjølv om leiaren for målungdommen er oslogut, finn han støtte for målsaka vestpå. For det er på Vestlandet nynorsk har stått og står sterkt.

Nesten 9 av 10 nynorskelevar i landet går på grunnskule i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane eller Møre og Romsdal. I alle fire fylke har bokmål «stole» marknadsdelar dei siste 10 åra.

Frå 1999 til 2008 er det blitt nesten 11.000 fleire bokmålselevar, i same tidsrom har talet på nynorskelevar falle med over 3000.

Flest nynorskelevar i landet finn vi i Hordaland, men også her er tendensen klår. I 1992 var det nynorskfleirtal i fylket. No har seks av ti hordalandselevar bokmål som hovudmål.

Facebook og Windows

  • Det er klårt det er alvorlege tal. Det er veldig trist dersom dette nærmast blir sett på som eit prov på at nynorsken ikkje har framtida for seg, seier Jens Kihl.

For nedgang i talet på nynorskbrukarar i skulen til trass, målrørsla har vind i segla, meiner Kihl, og viser til fleire symbolsigrar dei siste åra.

  • I haust kom ein utanlandsk kinofilm med nynorsk tekst for første gong på 23 år, Facebook kom på nynorsk i sommar, Windows leverer meir av standardpakkene sine på nynorsk, seier Kihl.

Internt i målrørsla er det fleire som har trua på nynorskens framtid no enn for nokre år tilbake, meiner leiaren for målungdommen.

  • Tidlegare var det ein del som nesten meinte vi kunne pakke saman og gi opp. Sånn er det ikkje no lenger, seier Kihl.

Demografi og politikk

Nynorskens største utfordring er busetjings- og flyttemønsteret, meiner Jens Kihl

  • Det er først og fremst demografien som taler mot oss. Folk flyttar frå nynorsk- til bokmålskommunar, seier Kihl.

— Det må ein i første rekkje sjå i samanheng med mangelen på ein kraftfull distriktspolitikk. Det er neppe på grunn av nynorsken dei flyttar.

Kihl meiner mangel på tilrettelegging i skulen er ei anna forklaring.

— Det er mange utfordringar i skulen på dette feltet. Når det manglar lærebøker, og elevane får lærarar som ikkje er i stand til å undervise på elevens hovudmål, er det ikkje rart dersom mange vel bokmål, seier han.

Vise dei gode eksempla

Ansvaret for å snu utviklinga må politikarane bere, både lokalt og nasjonalt, meiner Norsk Målungdom.

— Mykje ligg i sjølve opplæringa. Får elevane god opplæring, gode lærebøker og lærarar som både er stolte av og gode i målforma sin, vil det bety mykje, seier Kihl.

Mållaget og nynorskbrukarar må også gjere sitt, meiner han.

— Vi må vere flinke til å vise fram gode førebilete og gode eksempel, seier Jens Kihl.

— Vi må vise at det går an å gjere karriere på alle nivå og i alle sektorar, også med nynorsk.

Kva meiner du om at stadig færre elevar har nynorsk som hovudmål? Legg inn dine kommentarar under!