— Det er nesten skummelt å tenkja på kor mange timar eg har brukt, seier Gaute Hvoslef Kvalnes. Storabuen byrja å snusa på gratisprogramvara Linux då han studerte data ved Høgskulen i Bergen. Han fatta interesse for korleis det vart omsett frå engelsk, og så var det gjort. For fire år sidan kasta Gaute seg ut i den verdsomfattande datadugnaden som utfordrar Bill Gates sitt datahegemoni. Han ville gje programvara ei god nynorsk språkdrakt. Først eit årsverk på fritida, fordelt over tre år. Sidan eit årsverk betalt av Akershus fylkeskommune.

Akershus betalar

— Akershus betalar for nynorskutvikling!?

— Ja, Akershus, Sør Trøndelag og Møre og Romsdal har fatta interesse for Linux. Dei har gått inn med noko pengar, og det er vel Møre og Romsdal som har pressa mest på for nynorsken, seier Gaute, og småflirer over at det akkurat er bokmålsbastionen Akershus som har gitt han rom til utviklingsarbeidet siste året. Då har han arbeidd med Skolelinux, ein programpakke som er skreddarsydd for skuleverket.

Mange har også gjeve Gaute sitt iherdige arbeid skulda for at Microsoft til sist kraup til krossen og kom med ein nynorsk versjon. I haust kom verdas mest brukte dataverktøy på nynorsk, før gigantspråk som hindi og urdu.

— Det er ikkje umogeleg at dei har følt eit visst press. Så lenge det ikkje har vore alternativ har dei ikkje tronge å bry seg, seier Gaute.

Namnlaus

Dataingeniøren er full av lovord om Linux: Det er gratis, funksjonelt, krev lite datakraft og er dessutan driftssikkert. Det som finst av virus er laga for å infisera Microsoft, Linux lever smittefritt.

Gaute Hvoslef Kvalnes fyrer opp datamaskina. Linux open office. Teksthandsamingsprogrammet ser nesten akkurat ut som Microsoft Word, men her står «Namnlaus 1» øvste på skjermen. Når musa får klikka seg fram dukkar omgrep som «Heim», «Lagra økt», «Fleire program» og «Spel» opp.

— Har arbeidet bydd på mange vanskar?

— Ja, vi støyter ofte på dataord som kan vera vonde å omsetja. Elles er det ikkje alltid engelsken er like god. Linux er utvikla av dataidealistar, og alle er ikkje like flinke med språk. Vi gjer faktisk ein god del betre når vi set om til norsk. Ei anna utfordring har vore at programutviklarane reknar med att alle språk oppfører seg som engelsk. Då blir det t.d. for dårleg plass i boksane. Eller så reknar dei med at alle språk lagar fleirtal ved å leggja til ein s, seier Gaute.

Lagra økt

— Kva er det som har vore drivkrafta i arbeidet?

— Det er rett og slett gøy å sjå ting dukka opp på nynorsk, seier målmannen.

— Har du omgrep du er spesielt godt nøgd med?

— Då eg kom på å kalla det arbeidet som var gjort på skjermen for «økt». Og funksjonen for å lagra dette vart «lagra økt» var eg vel nøgd, seier Gaute.

Han har vore med å utarbeida eit fyldig dokument, «Språklege retningslinjer for omsetjing av programvare til norsk», som legg føringar for arbeidet. Her er dei fleste sider ved omsetjing av dataspråk omhandla, og det er teke avgjerder som at ein skal nytta a-infinitiv og skriva berre i staden for bare og først i staden for fyrst osv.

Stadig endring

— Det gode med Linux er at det heile tida er i endring. Det er lett å retta feil, og å gjera om på ting. Først tenkte vi at å handsama vart for gamalmodig, og valde å skriva behandla. T.d. i tekstbehandling. Men no har vi kome til at ordet handsaming likevel fungerer godt, og då gjer vi om på det, seier Gaute.

Han har no teke konsekvensen av at han er vel så interessert i språk som i data, og studerer datalingvistikk ved universitetet. Gaute vil la nynorsken leva i cyberspace, også i framtida.

NYNORSK PIONER: - Det ser ut som Microsoft på skjermen, men er helt ulikt under panseret, seier Gaute Hvoslef Kvalnes. Han demonstrerer gratisprogramvara Linux.<br/>Foto: FRED IVAR UTSI KLEMETSEN