Det ser så flott ut, dette vitnemålet; eit prestisjefylt dokument på prega papir som fortel at Anne Kristin Jørgensen er uteksaminert som candidata medicinae, det vil seia lege, ved Norges teknisk-naturvitskaplege universitet, Det medisinske fakultet.

Men vitnemålet er ikkje brukande, meiner Anne Kristin, no Westermoen. Fordi det er skrive på ein elendig nynorsk.

— Eg leverte vitnemålet tilbake i fjor sommar. Det såg ut som om det var omsett til nynorsk av eit dataprogram. Språket var så dårleg at eg var redd det ville gje eit negativt inntrykk ved framtidig jobbsøking, seier ho til Bergens Tidende.

I september fekk ho melding om at teksten på vitnemålet no var retta, men at det står att eit ord som ikkje kan endrast før NTNU får den nye dataversjonen frå Oslo. Det er ordet hun som er problemet. Det akademiske personalet ved NTNU greier altså ikkje omsetja ordet hun til ho utan datahjelp. Dermed blir vitnemålet ytterlegare forseinka. Anne Kristin Westermoen spurde etter vitnemålet seinast i januar i år, utan resultat.

— Dette er pinleg for fakultetet, og det er verkeleg ille om det er slik at det sit folk med elendige nynorskkunnskapar i Oslo og lagar malar for offisiell språkbruk elles i landet, seier Westermoen som for tida er turnuslege ved sjukehuset i Orkdal, og som ikkje har bruk for vitnemålet før turnusperioden er over. Likevel håpar ho NTNU greier å rydda opp i dette språkproblemet rimeleg raskt. Westermoen veit om ein annan studiekamerat som har levert vitnemålet tilbake av same grunn som henne.

— Dette er skrekkeleg pinleg for oss. Det var eg som skreiv under på dei opphavelege vitnemåla utan å leggja merke til at det var nokre få nynorskvitnemål i den store bunken, seier Gunnar Bovim, leiar ved det medisinske fakultetet.

— Eg lovar å gjera det vi kan for at dette vert ordna snarast mogeleg. Men utskriving av vitnemål er ikkje ei lokal sak, vi kan ikkje ved vårt institutt gå inn og skriva det vi vil, vi må retta oss etter ein fast mal, difor har dette teke så lang tid. Nynorskversjonen av desse vitnemåla treng heilt klart ei grundig korrigering, seier Bovim.

Pinle, pinleg, pinleg

— Dette er pinleg, pinleg, pinleg, ikkje berre for det medisinske fakultetet, eg har aldri sett på makan. Det må då finnast folk som kan overprøva teknikken i saker som dette, meiner Gunnar Foss, leiar av institutt for nordistikk og litteraturvitenskap ved NTNU.

— Før blei ofte instituttet vårt ofte spurd til råds i språkspørsmål. Etter at vi byrja å ta oss betalt for slike tenester, har etterspørselen etter dei minka, seier han, som meiner han ser at språkleg likesæle breier om seg, også innan akademia.

— Det er ikkje så nøye lenger om språket er korrekt, mange tek lett på den språklege presisjonen, det ser eg også i mange leiarkulturar, blant anna i den vidaregåande skulen. Eg opplever at leiarar blir irriterte når språkfeil vert påpeika. Det verkar som om haldninga er at det er nok å gjera seg forstått, seier han.

— Dette gjeld slett ikkje berre for nynorskbruk. Då dotter mi søkte opptak ved universitetet i Oslo, fekk ho svar på eit forskrekkeleg bokmål.

-Eg trur utviklinga til dels skuldast våre nye kommunikasjonsformer. Når vi mailar, er vi ikkje så nøye, vi skriv små bokstavar etter punktum og gjer inntrykk av å vera svært så effektive. Pressa går også føre med sine dårlege språkdøme. Dette er blitt påfallande etter at korrekturlesarane blei borte. Vekeblada er betre enn dagsavisene på dette området, seier Gunnar Foss.

(Opphavleg tekst på vitnemålet frå Det medisinske fakultetet, NTNU)<p/>