Vesle Ella kom til verda på Kvinneklinikken i Bergen i mai i år. På same sjukehus døydde broren Magnus nyttårskvelden 2009. Han vart berre to dagar gammal.

Ella og mamma var framleis på KK då brevet kom frå Norsk Pasientskadeerstatning (NPE). Der stod det at Magnus sine foreldre har krav på erstatning etter pasientskadelova. At sonen mest sannsynleg døydde på grunn av svikt i fødselshjelpa.

- Å få brevet på KK var heilt spesielt. Kontrasten kunne ikkje vore større, seier Inger-Elin Epland, mor til Magnus og Ella.

—  For oss betyr vedtaket veldig mykje. Vi hadde aldri sendt klage til NPE om vi ikkje var sikre på at mykje gjekk gale, då Magnus vart fødd.

Hastekeisarsnitt

Svangerskapet var heilt normalt. Fødselen vart sett i gang om morgonen to veker over termin. Undervegs fekk mor frost-rier, kvalme og høg puls. Epland er sjukepleiar av yrke og meiner sjølv at ho hadde tydelege teikn på infeksjon. Likevel fekk ho ikkje antibiotika.

Fødselen gjekk sakte. Fosteret viste teikn til stress kvar gong legen skrudde opp dryppet, seier Epland. Ho var redd, men legen sa at det var ingenting gale med fosteret.

Seint om kvelden vart Magnus Christianson Epland forløyst med hastekeisarsnitt. Han var svært sjuk. Babyen hadde misfarga fostervatn i lungene og blodforgifting med gruppe B-streptokokkar (GBS). To dagar etter fødselen døydde Magnus.

Fylkeslegen: «Uforsvarlig»

Foreldra klandrar legane på KK for at dei har eit barn for lite. Dei meiner at sonen døydde som følgje av ei rekkje feilvurderingar.

—  Hadde eg fått antibiotika under fødselen, hadde truleg guten vår vore her i dag, sa Epland til BT i november i fjor.

Helsetilsynet i Hordaland har behandla saka. Etter fylkeslegen si vurdering kom legane fram til feil konklusjon då dei vurderte om Epland kunne ha ein infeksjon. «Det at det ikke ble startet med antibiotika under fødselen, vil vi karakterisere som uforsvarlig», skreiv fylkeslegen i fjor.

Burde vore forløyst før

I sitt vedtak støttar NPE seg til vurderingane til to uavhengige sakkunnige:

Renate Häger, spesialist i fødselshjelp, som meiner at barnet burde vore forløyst med keisarsnitt 40 minutt tidlegare.

Arne Hågensen, spesialist i barnesjukdommar, som konkluderer med at det er ein sannsynleg årsakssamanheng mellom mangelfull fødselshjelp og dødsfallet.

—  Vi har vurdert alle opplysningane i saka og kome til at det var grunn til å basere vårt vedtak på desse vurderingane. Derfor gav vi foreldra medhald, seier Anne-Mette Gulaker, avdelingsdirektør i NPE.

Skal orientere legane

Klinikkoverlege Per E. Børdahl ved KK seier at han tek vedtaket i NPE til etterretning og vil orientere legekollegiet om det.

—  I avdelinga diskuterer vi breitt alle saker som blir behandla av NPE, Helsetilsynet eller Fylkeslegen. Når noko går gale, tek vi det veldig alvorleg. Utover det har eg ingen fleire kommentarar enn at dette er ei djupt tragisk sak.

— Tar KK-leiinga på nokon måte fagleg sjølvkritikk i denne saka?

—  Vi forheld oss til vedtaket i NPE og skal diskutere det, svarar Børdahl.

- Gjer meg redd

Foreldra til Magnus har tatt kontakt med advokat og vurderer sivilt søksmål mot Helse Bergen. Epland seier til BT at ho er skremt over at KK-leiinga aldri har tatt fagleg sjølvkritikk, sjølv om dei har beklaga dødsfallet.

- Eg opplever at dei har brukt all fagleg tyngde og autoritet på å argumentere mot oss. Det gjer meg redd. Når legar ikkje er fagleg audmjuke og kan innrømme at dei har gjort feil, er det ingen grunn til å tru at dei vil gjere noko annleis neste gong.

Då ho skulle ha sitt første barn etter Magnus, var ho utrygg og lenge i tvil. Likevel valde ho å føde Ella på KK.

—  Det var vanskeleg å kome tilbake til KK. Men denne gongen følte eg meg godt ivareteken, seier Epland.