I går sendte Kontrollkomiteen nytt brev til Sponheim. Det var ein samrøystes komite som vedtok å stille nye spørsmål til Sponheim. Først når svara kjem, vil komiteen avgjere om ein skal opne ei sak mot Sponheim.

Kva gjer Sponheim?

Saka gjeld omgjering av tidlegare vedtak i Landbruksdepartementet.

— Vi får avvente kva Landbruksdepartementet nå gjer og seier i saka. Vi er kjent med at departementet har sett ein frist til 16. april i ein ny runde, seier stortingsrepresentant Kjell Engebretsen (A) til BT.

— Dersom departementet då tek saka opp til ny vurdering og omgjer vedtaket på ny, blir det inga sak for oss. Om det ikkje skjer, får vi vurdere svara vi får på dei nye spørsmåla nøye. For dette er ei prinsipielt svært viktig sak, seier Engebretsen som er sekretær i Kontrollkomiteen.

Den politiske leiinga

Eit av dei nye sentrale spørsmåla gjeld kva rolle den politiske leiinga i departementet har hatt i konsesjonssaka.

Spørsmålet kjem på bakgrunn av opplysningar som framkom i Bergens Tidende 14. mars. Der opplyste Sponheim sin statssekretær, Leif Helge Kongshaug, at han var blitt kontakta av selgaren rundt juletider om saka.

Det var vel to månader før Landbruksdepartementet gjorde «kuvending» i saka, til gunst for selgaren, Henrik P. Thommessen.

Komiteen viser til at Sponheim i Stortinget 20. mars opplyste at han ikkje kjente til saka før han las om henne i avisene.

Komiteen vil nå vite om opplysningane i BT betyr at den politiske leiinga likevel har kjent til saka og har vore involvert i arbeidet med behandlinga av klagesaka.

Komiteen går også inn på saksbehandlinga i departementet og vil vite kva undersøkingar departementet gjorde for å vere trygg på at taksten på 6,75 millionar kroner var reell for heilårsboligar.

Endeleg vil komiteen ha svar på om departementet har vurdert konsekvensane for dei lokale styresmaktene sitt arbeid med å handheve buplikta i framtida.