Ein samrøystes komite har kome til at mykje tyder på at statsråd Norman har belasta statskassa med eit betydeleg antal rekningar som korkje er omfatta av reglane for representasjon eller bevertning.

Det inneber at heile komiteen meiner at Norman urettmessig har fått honorert rekningar som er staten uvedkomande.

Komiteen meiner det er statsministeren sitt ansvar å rydde opp i forholda.

Frp-formann Carl I. Hagen seier til bt.no at han trur at Norman urettmessig kan ha fått utbetalt så mykje som opp mot 100.000 kroner.

Komiteleiar Ågot Valle (SV) seier til Bergens Tidende at det i svarbrevet frå Bondevik og settestatsråd Lars Sponheim, ikkje er noko som støttar Normans oppfatning og praksis.

Komiteen ser det som positivt at statsministeren tek initativ til ein gjennomgang av regelverk, praksis og kontrollrutinar på området.

Komiteen bed om å bli orientert om korleis dei framtidige kontrollrutinane blir utforma og gjennomførd. Komiteen ventar at dette skjer raskt.

I møtet i går gjorde komiteen også vedtak om å sjå nærarne på flysaka. Den gjeld det forholdet at statsråd Norman i 58 av 61 tilfelle har valt SAS på rute som Norwegian trafikkerer.

Komiteen vedtok å be statsråd Norman om å få oversendt staten sin avtale med Norwegian Air. Komiteen vil også ha oversendt retningslinene som er laga for bruk og oppfylging av avtalen og kontrollsystema som er etablert for at avtalen skal fylgjast av alle som er pålagd å fylgje avtalen.

Komiteen vil også ha svar på kva prosedyrar som må fylgjast for at andre selskap enn Norwegian Air kan nyttast der dette selskapet har eit tilfredsstillande rutenett.

Illustrasjon: Marvin Halleraker