Med dei tidlegare kontrolhøyringane Devold har måtta igjennom, er ho nå i ferd med å setje ein «uslåeleg rekord» for «seigpining» av statsrådar.

Måndag 9. mai blir det høyring i Kontroll— og konstitusjonskomiteen om salet av Lista flystasjon.

Lista-saka

Her ligg det føre ein svært kritisk rapport frå Riksrevisjonen som stiller ei rad spørsmål ved om Stortinget sine føresetnadar for salet, vart fylgt.

Sjølv har forsvarsministeren overfor Stortinget hevda at føresetnadene frå Stortinget vart innfridd.

Til denne høyringa blir forutan forsvarsministeren også den nyleg avgått sjefen i Skifte eiendom, Sverre Tiltnes, innkalla. Det same blir selskapet som fekk kjøpe eigedomen og representantar for Farsund kommune.

Kommunen ynskte å kjøpe, men vart på mystisk vis skvisa ut, framgår det av rapporten frå Riksrevisjonen. I staden fekk eit privat selskap overta heile eigedomen på 5000 mål og fekk i tillegg 11 millionar kroner med på kjøpet. Det innebar at staten betalte for å bli kvitt eigedomen.

Krev svar

— Vi vil ha ei avklaring av i kva grad Stortinget sine føresetnadar for salet vart fylgt. Vi vil vidare ha ei avklaring omkring vilkåra ved salet. Dernest vil vi ha ei klarlegging av prosessen som førde til at Farsund kommune vart «hekta av» og ikkje fekk høve til å kjøpe. Endeleg vil vi ha svar på kva som låg til grunn for fastsetting av salssummen.

Dette opplyser Kjell Engebretsen (Ap) til Bergens Tidende. Han er nestleiar i komiteen og saksordførar for denne saka.

Neste høyring for forsvarsministeren blir onsdag 18. mai. Då må statsråden møte først til open høyring og så i ei lukka høyring i Forsvarskomiteen. Då er temaet milliardsprekken på forsvarsbudsjettet for 2004. På dette tidspunktet vil Regjeringa ha lagt fram revidert nasjonalbudsjett og fortalt korleis ein har tenkt seg at meirforbruket i 2004 i Forsvaret skal dekkast inn.

Meir i vente

Det er pårekneleg at det også kan bli ei høyring om 2004-rekneskapen i Kontrollkomiteen på grunnlag av den budsjettrevisjonen Riksrevisjonen nå arbeider med - dersom tida tillet det, så kort tid før stortingssesjonen blir avslutta.

Ifølgje opplysningar Bergens Tidende har fått, er planen nå at rekneskapsrapporten frå Riksrevisjonen vil bli overlevert til Stortinget 27. mai.

Riksrevisjonen har etter ønskje frå Stortinget, forsert arbeidet med å revidere 2004-rekneskapen for Forsvaret med bakgrunn i den mangelfulle økonomistyringa. Milliardsprekken kom totalt overraskande 18. januar i år etter at både forsvarsministeren og finansministeren tidlegare hadde forsikra Stortinget om at økonomistyringa i Forsvaret aldri har vore betre.