OVE ARNE OLDERKJÆR

Marit Grødem (60), som mista si 27-årige dotter i brannen, har etter frifinning i Oslo tingrett og Borgarting lagmannsrett lita tru på at nokon nokosinne blir stilt til ansvar for det som skjedde, trass i at det er avdekt kommunikasjonssvikt og misforståingar internt i brannkorpset.

Stord-kvinna er likevel glad for at påtalemakta har anka den siste frifinninga inn for Høgsterett, der kjæremålsutvalet først skal finna ut om det er grunnlag for ankehandsaming.

— Det er bittert om dommen blir ståande. Men eg har mista trua på norsk rettsvesen, seier Marit Grødem til Bergens Tidende.

Grødem har teke opp lån for å dekka vel 200.000 kroner som ho til no har brukt på advokat i denne saka. Borgarting lagmannsrett snudde om på dommen i tingretten som tilkjente Marit Grødem dekking av advokatutgifter.

«Ubetydelig» for seint

Det springande punktet i dødsbrannen på Årvoll i Oslo 8.januar 1998 er at Irlin Hunstad Grødem klokka 21.32 ringte alarmsentralen, som gav henne beskjed om at ho skulle lukka dører og vindauge og venta på at brannmenn skulle henta henne ut frå husværet på loftet.

Klokka 21.37 var brannmannskapa klare for innsats i det brennande huset, men først klokka 22.20 var Irlin henta ut av huset. Ambulansepersonell starta straks gjenopplivingsforsøk, som ikkje førte fram. 27-åringen døydde av kolosforgifting.

Ei fatal misforståing mellom alarmsentralen, branntroppen og andre bebuarar gjorde at politi og brannvesen trudde at alle personar var henta ut av huset alt klokka 21.45. Lagmannsretten omtalar forseinkinga som følgje av feilmelding og misforståing som «ubetydelig».

- Feil å plukka syndebukkar

Borgarting lagmannsrett uttalar i dommen at røykdykkarane som var inne i bygget der det brann ville ha vore nærmast til å uttala seg om kor tidleg dei kunne ha vore på Irlins hybel. Men ingen røykdykkar blei ført som vitne.

— Det blir berre spekulasjonar omkring kva som kunne vore gjort annleis. Alle brannmenn yt 110 prosent for å nå fram og berga liv. Her nådde vi ikkje fram, slik er det berre, seier leiar i Oslo Brannkorpsforening, Bjørn Aron Aronsen til Bergens Tidende.

Aronsen karakteriserer dommen i Borgarting lagmannsrett som rettferdig og korrekt.

— Det blir heilt feil å byrja å plukka ut syndebukkar, seier han.

— På ein skadestad gjer politi, brannvesen og legevakt sitt ytterste for å redda liv og verdiar. Her nådde vi ikkje fram i tide til å berga denne personen. Det er hardt å leva med også for brannfolk, seier Bjørn Aron Aronsen.

Politiet vil ha straff

Politiet etterforska brannen, og fann at brannordninga i Oslo ikkje var godt nok organisert, at alarmsentralen mangla skriftlege instruksar for mottak av melding av brann og instruks for samtale med meldar, og at det ikkje var gode nok instruksar for sambandsvakta si vidareformidling til utrykkingsbilar på veg til og på brannstaden.

To år etter brannen blei det teke ut sikting mot Oslo kommune ved ordføraren, mot seks tilsette i brann- og redningsetaten og mot brannsjefen. Sakene mot brannsjefen og dei seks tilsette blei lagt bort grunna mangel på bevis, medan eit krav mot Oslo kommune om eit førelegg på ein million kroner blei oppretthalde.

Anken til Høgsterett er påtalemakta sin siste sjanse til å nå fram med ein straffereaksjon overfor Oslo kommune etter dødsbrannen i Selvbyggerveien 8 i Oslo.

SISTE ANKE: Frifinninga av Oslo kommune etter brannen i januar 1998 der Irlin Hunstad Grødem omkom, er anka til Høgsterett. Mora Marit Grødem tvilar på at nokon nokon gong blir straffa for misforståingane og forseinkingane som skjedde før Irlin blei henta ut av det brennande huset.<p/> ARKIVFOTO: OVE A. OLDERKJÆR