Det største bidraget Noreg kan gjere for klimaet, er å la ver å byggje ut nye olje— og gassfelt, meiner miljørørsla.

Felta i Lofoten og Vesterålen vil åleine kunne føre 500 millionar tonn CO2 ut i atmosfæren, ifølgje Fremtiden i våre hender. Det er over ti gongar så mykje som dei samla årlege CO2-utsleppa i Norge.

- Må utvikle norske felt

Men statsminister Jens Stoltenberg, som for tida jobbar aktivt for å få i gang att dei internasjonale klimaforhandlingane, er ikkje samd i at vårt største bidrag ville vore å la oljen og gassen bli liggjande.

— Det meiner eg er feil, fordi klimaproblemet er så alvorleg, og vi er avhengig av å løyse både klima- og fattigdomsproblemet samstundes, seier han i BTMagasinet i dag.

Stoltenberg meiner tvert i mot at utbygging av nye, norske oljefelt er ein føresetnad for å få ned klimautsleppa i verda.

— Det kostar kanskje 1000 kroner pr. tonn CO2 eller meir å la vere å utvikle norske felt. Det å redde regnskog kostar 30 kroner pr. tonn! Så eg vil meine at det ville vere heilt meiningslaust overfor klimaet viss eg skulle seie at «vi vel det absolutt dyraste i heile verda»!

Trur på klimaavtale

Verdas leiarar kan bli samde om ein ny klimaavtale, trur Stoltenberg, som leiar FNs klimafinansieringsgruppe. Han trur ikkje det vil skje under toppmøtet i Mexico i desember, men kanskje i Sør Afrika neste år.

Og årsaka til optimismen:

— Det er grunnleggjande ikkje så veldig dyrt å løyse det, i alle fall om ein målar det mot konsekvensane av ikkje å løyse klimaproblema, seier han.

— Vi snakkar om eit par-tre prosent av verdas nasjonalprodukt, føresett at vi gjer dei smarte tinga. Og på det vilkår at vi ikkje gjer slike heilt meiningslause ting som å droppe å utvikle gode, lønsame norske petroleumsressursar. Då blir det dyrt då! Då får vi det aldri til!

  • BTMagasinet har følgt dei norske klimadiplomatane som reiser verda rundt i arbeidet. Dokumentaren kan du lese i BTMagasinet laurdag. Kva meiner du? Sei di meining i kommentarfeltet nedanfor.