Konsernstyret i Boliden har gått med på å investera 62 millionar kroner i ny transformator og likerettar i sinkverket på Eitrheimsneset, men gav ikkje grønt lys for den etterlengta nye fjellhallen som trengst innan to år for deponi av avfall.

— At det ikkje blir løyvd midlar til ny fjellhall er dramatisk, seier Einar Mikkelsen, leiar i Odda Kjemiske Fagforening, den største fagforeininga på smelteverket med vel 300 tilsette.

- Ikkje aktuelt

Leiinga og fagforeiningane er i samtalar om ytterlegare kostnadskutt for verksemda som i 2011 gjekk med underskot for tredje året på rad. Administrerande direktør Dag Berg seier at lønsfrys og lønskutt er tema i drøftingane. Mikkelsen avviser at noko slikt vil bli godteke.

— Vi er innforstått med at noko må gjerast med kostnadane, og vi er komne eit godt stykke på veg med dialogen. Men noko lønsfrys eller lønskutt blir ikkje aktuelt, seier Einar Mikkelsen.

Trur på fjellhall

Administrerande direktør Dag Berg ser positivt på konsernvedtaket om å investera i ny transformator og likerettar som skal stå ferdig i elektrolysehallen i 2013.

— Ei gledeleg avgjerd som bør gje ekstra giv til arbeidet med kostnadsreduksjon. Etter kvart vil vi også vera i stand til å byggja ein mindre fjellhall. Skjer det ikkje noko dramatisk i verda, får vi ny fjellhall, seier Berg. I dag har Boliden Odda deponiplass fram til utgangen av april 2014. Ein hall i full storleik kostar rundt 130 millionar kroner.

— Vi skal framleis vera her om femti år, men det er ein lang veg å gå med kostnadsnedskjeringane. I tillegg treng vi kanskje litt flaks i marknaden, seier Dag Berg.

Spareplan

I fjor iverksette Boliden Odda ein spareplan som skal få kostnaden ned med 100 millionar kroner innan utgangen av 2013. Verket skal også opp i ein årsproduksjon på 200.000 tonn , og vil redusera talet på tilsette til 280.

— Vi har bygt ei plattform for kostnadsreduksjon. No gjeld det å levera etter planen, seier Dag Berg.

— Energiprisen, som er nesten tredobla på vel ti år, ligg fast, så der kan vi ikkje kutta noko. Dermed må vi ha ein kostnadsreduksjon på rundt 25 prosent på resten av drifta, seier Berg, og repeterer utsegnet om at Bolidens sinkverk i Finland har eit 30-35 prosent lågare lønsnivå enn det norske.

Ordføraren positiv

Ordførar John Opdal (H) var til stades på pressekonferansen på Boliden Odda i dag der leiinga orienterte om vegen vidare for den hardt prøvde industriverksemda.

— Eg har stor tru på at leiinga og fagforeiningane skal bli einige om kostnadsreduksjonar. Det er eit godt signal som er kome frå konsernstyret, seier Opdal.

Det svenske Boliden-konsernet har ein eigarhistorie tilbake til 1960-talet på tidlegare Nozink i Odda. I 2001 blei verksemda kjøpt av finske Outokumpu, før børsnoterte Boliden overtok hundre prosent i 2004. Sinkverket blei etablert i 1924.

SER LYS I MØRKET: Odda-ordførar John Opdal til v. og administrerande direktør Dag Berg ser Boliden-konsernets investeringsvedtak for sinkverket i Odda som eit positivt signall.
OVE A. OLDERKJÆR